Ukjende brev avslører 90 år gammal kamp om Edvard Grieg sin musikk

4 months ago 98


Det er med andakt ein grå pappkasse vert bore inn i det ærverdige Grieg-rommet på hovudbiblioteket i Bergen.

Den store Grieg-samlinga som er oppbevart her skal få eit nytt og overraskande tilskot.

Boksen vart funnen i arkiva til Troldhaugen.

Ingen av dei som no skal få lese breva for første gong på 90 år var klar over at den eksisterte.

Den inneheld 90 handskrivne brev forfatta av Nina Grieg til ei veninne og til ein musikkforhandlar i Bergen.

Dei kan gje ny innblikk i arven etter eit av landets mest kjende kunstnarpar.

Dei er daterte mange år etter at ektemannen Edvard døydde.

Edvard og Nina Grieg

Edvard og Nina Grieg.

Foto: Bergen Offentlige Bibliotek

Med varsame hender tek leiaren for museet på Troldhaugen, Christian Grøvlen, fram det øvste brevet og les sakte den snirklete handskrifta.

Brevet er frå Nina Grieg til venninna Hildur Rabe, dotter til musikkhandlar og konsertarrangør Carl Rabe. Hildur overtok etter kvart drifta av firmaet, som hadde eit svært godt rykte både i inn- og utland.

Wilhelm Hansen (1821-1904) var ein dansk musikkforleggjar som gav ut førsteutgåver av Griegs verk, medan komponisten enno levde.

Nina Grieg var tydeleg ikkje nøgd med korleis Hansen forvalta ektemannen sine verk, og ho skrev seinare under med det tyske musikkforlaget Edition Peters i Leipzig.

Tonny, som er nemnd i brevet, er Nina si ugifte syster, som ho budde med etter at Edvard Grieg døydde.

Nina Grieg sin signatur på brev.

Breva er signerte av Nina Grieg.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

I skuggen av ektemannen

Nina Grieg var sjølv viktig i arbeidet for at Troldhaugen i Fana i dag er eit museum.

Her budde ekteparet Grieg saman frå 1885 og fram til Edvard døydde i 1907.

Etter det tok Nina over forvaltninga av både eigedommen, musikkrettane og ettermælet til ektemannen.

– Ho var avgjerande for det bildet vi har av kunstnarskapet til Edvard Grieg, seier Monica Jangaard, kurator ved kunstmuseet Kode i Bergen.

Monica Jangaard, kurator for musikk, KODE.

Musikkurator Monica Jangaard meiner Nina Grieg ikkje har fått den plassen ho fortener i historia.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det skreiv Edvard sjølv og. At kona Nina ikkje hadde fått den merksemda ho fortener. Og at det truleg var litt hans feil.

Jangaard skal no forske på dei nyoppdaga breva. Ho håper å kunne løfte fram kor viktig Nina Grieg var.

– Ho var ein stor songar, alle ektemannen sine songar var skrivne til henne. Så ho var ein kritikar og forvaltar av verka hans.

Kven var Nina Grieg?

– Nina Grieg må ha vore eit oppsiktsvekkande menneske. Moderne og framtidsretta. Ein av våre største kunstnarar, meiner Christian Grøvlen.

Då Nina Grieg skreiv brevet han les frå var ho nesten 90 år.

Ho har flytta til Danmark og bur på eit hotell i København.

Ho kastar seg inn i spørsmål om opphavsrett, og engasjerer advokat for å få dei pengane ho meiner å ha krav på.

Kanskje er svaret på korleis det går i dei enno ulesne breva i pappboksen.

Ei opprydding i arkiva kan ha avdekka desse dokumenta.

Han håper innhaldet i breva kan løfte Nina fram til den plassen ho fortener.

Troldhaugen

Troldhaugen, komponistheimen sør for Bergen sentrum.

Foto: denisbin/flickr creative commons

– Ein bergensk kulturskatt

Rundt bordet i Grieg-rommet på bibliotek sit både kulturbyråd Reidar Digranes og bibliotekdirektør Julie Andersland.

Sjølv om dei berre har fått lese i eit av breva, er det begeistring over funnet.

– Dette viser at arven etter Edvard og Nina Grieg held fram med å gje. Det er ein kulturskatt som framleis lærer oss noko nytt. Ein får litt ærefrykt av å lese dette, seier Digranes. Han er oppvaksen ikkje langt frå Troldhaugen.

Breva vert ein del av den allereie omfattande Grieg-samlinga, forvalta av Bergen Offentlige Bibliotek.

Dei skal forskast på, og lagrast sikkert i biblioteket sitt kvelv.

Etter kvart håper biblioteksjefen at dei skal få midlar til å digitalisere brevsamlinga.

Då vil alle kunne lese seg opp på Nina Grieg sine brev.

Reidar Digranes, Christian Grøvlen, Julie Andersland

Reidar Digranes, Christian Grøvlen og Julie Andersland har lese det første brevet skrive av Nina Grieg.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Publisert 03.07.2024, kl. 17.57

Read Entire Article