Retting: I ei tidlegare versjon av saka skreiv NRK at demonstrasjonen skal ha skjedd i mars 2023, det rette var mars 2024.
Det opplyser Elden advokatfirma til NRK.
I mars blei Frp-leiar Sylvi Listhaug følgt av ei gruppe demonstrantar gjennom Oslo sentrum.
No er de tre demonstrantane som blei gripne av PST i april tiltalt for å ha rettsstridig forsøkt å påverke Sylvi Listhaug under ein demonstrasjon i Oslo sentrum i mars 2024.
Dei tiltalte nektar alle straffskuld opplyser forsvararane deira i Elden Advokatfirma.
Dei tre var tidlegare sikta for omsynslaus åtferd og for å ha skapt fare for ein stortingsrepresentants virke etter å ha følgt etter Frp-leiaren i mars. Alle nektar straffskuld.
Følgde etter Listhaug
Listhaug har fortalt at ho var ute på eit ærend då ho gjekk forbi demonstrantane. Ei gruppe på mellom 8–10 personar følgde etter henne heilt opp til Stortinget.
Frp-leiaren sa at fleire av dei som følgde etter henne kom med ukvemsord og filma ho opp mot Stortinget.
Ho har tidlegare skildra hendinga som det mest truande ho har opplevd.
Arresterte av PST
NRK har tidlegare vore i kontakt med ein av demonstrantane, som ønska å vera anonym. Ho blei pågripen av Politiets tryggingsteneste (PST) i april, like etter at ho leverte borna sine på skulen. Ho skildra arrestasjonen som dramatisk.
To av dei andre demonstrantane som følgde etter Listhaug blei også arresterte.
Dei tre som er sikta står fram som dei mest pågåande under opptrinnet i mars, og PST bestemte seg for å arrestera dei av omsyn til fare for bevistap, opplyste politiadvokat Thomas Blom til NRK i april.
PST undersøkt om aktivistane kan ha brote paragraf 156 i straffelova.
– Me ser svært alvorleg på sjikane av myndigheitspersonar, sa seniorrådgivar Martin Bernsen i PST til NRK i mars.
Aktivistane har forsvararar frå Elden Advokatfirma, og blir medverka av Anne-Marie Gulichsen, Astri Rønningen Stautland og Elden sjølv.
Publisert 15.11.2024, kl. 13.39 Oppdatert 15.11.2024, kl. 13.45