– Først tenkte vi at dette var enkelståande tilfelle, men etter kvart forstod vi at dette var ein utbreitt praksis og ei føring frå øvste hald, seier Nadav Weiman til NRK.
Palestinske fangar i Gaza blir tvungne til å kle seg opp i IDF-uniformar, og bedne om å gå inn i dei farlegaste områda på Gazastripa.
Dette skal vere føringar frå leiing i det israelske forsvaret, ifølgje soldatar som har snakka med organisasjonen Breaking The Silence og avisa Haaretz.
Weiman var tidlegare skarpskyttar på Gazastripa for det israelske forsvaret, og er no leiar for Breaking the Silence.
«Våre liv er viktigare enn deira», har ein anonym ekssoldat fortalt organisasjonen.
Saman med den israelske avisa Haaretz har dei snakka med eks-soldatar på Gaza som fortel at det er utbreitt praksis i det israelske forsvaret å bruke sivile palestinarar som skjold.
Var skarpskyttar i Gaza
Det er tolv år sidan Nadav Weiman var skarpskyttar for det israelske forsvaret.
Breaking the Silence består av ekssoldatar frå det israelske forsvaret som samlar inn soldatar sine opplevingar på Gazastripa og den okkuperte Vestbreidda.
Samstundes motset dei seg den israelske okkupasjonen.
Etter at krigen mellom Hamas og Israel blussa opp etter 7. oktober byrja dei å få høyre historier frå soldatar i Gaza og på Vestbreidda om at IDF brukte sivile palestinarar som menneskelege skjold.
Då dei såg nærare på det forstod dei at dette måtte vere føringar frå forsvaret sjølv fordi det skjedde fleire plassar på Gazastripa og i ulike delar av forsvaret.
– Palestinarar blir tatt frå dei humanitære korridorane. I nokre tilfelle blir dei kledd i militæruniform, og nokre blir sett kamera på hovudet, forklarar Weiman.
– Dei blir deretter sendt inn for å undersøke tunnelar eller bygningar som IDF trur kan vere ei felle.
Ifølgje organisasjonen blir dei heldt i fangenskap i kanskje nokre dagar, eller veker. Når IDF er ferdige med dei blir dei sendt tilbake til familiane sine.
– Ein av soldatane fortalde at sidan dei sende dei tilbake etterpå, så visste dei at dei ikkje var Hamas eller jihadistar. Elles hadde dei jo arrestert dei, seier Weiman.
Var tidlegare ein offisiell kommando
Weiman fortel at dette var ei offentleg føring frå det israelske forsvaret tidlegare. «Nabo-prosedyren» blei han kalla.
Høgsterett i Israel sat ein stoppar for denne tilbake i 2005.
– Det gjekk ut på at dersom ein skulle arrestere nokon, så brukte ein heller ein palestinsk nabo til dømes til å banke på eller gå inn i huset slik at dei var trygge på at dei kunne gå inn etterpå.
Men det at det skjer i Gaza no, er noko anna heilt anna, fortel han.
– Det er første gang vi høyrer om at ein tek på sivile militæruniformer. Eg blei heilt ærleg overraska.
Ein av soldatane som har snakka med Breaking til Silence hadde spurt sjefen sin om kvifor dei gjer dette, fortel han.
– Han svarte då at det var på grunn av at dei var tomme for hundar, og det er betre at palestinarar blir drepne enn dei sjølve.
– Dette går imot alt eg lærte som soldat i spesialeininga i forsvaret, eller berre som ein vanleg israelar. Soldatar skal krige mot andre soldatar, ingen andre, seier den tidlegare skarpskyttaren.
Han fortel om ein gong han som soldat skulle arrestere ein mann på Vestbreidda. Dei gjekk gjennom tronge smau og dei var i undertal. Palestinaren blei sett i handjern og fekk bind for auga.
Ein annan soldat sat M16-rifla mot han og lét han gå først ut gjennom mørket tillbake til bilen.
– Han var eit skjold for oss. Eg husker så godt sinnet og kranglane i ettertid. Dette var ikkje lov og det var heilt feil, seier Weiman.
– Opplagt krigsbrotsverk
– Om det stemmer at det israelske forsvaret (IDF) brukar palestinske fangar som menneskeleg skjold i Gaza, er det eit alvorleg brot på og opplagt krigsbrotsverk, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
– Noreg fordømmer bruk av menneskelege skjold, anten det er Hamas eller IDF som er ansvarlege, legg han til.
– Når israelske soldatar nyttar fienden si befolkning til å beskytte seg sjølv mot angrep på fienden, bruker dei menneske med immunitet for å auke eigen militær fordel, seier folkerettsekspert Cecilie Hellestveit.
Dette meiner Hellestveit ikkje kan sidestillast med at Hamas nyttar «eiga» sivilbefolkning for å auke dei politiske kostnadane for Israel med angrep der.
– Dersom israelske soldatar bruker palestinarar med status som krigsoffer som skjold mot palestinske angrep, er det klart ulovleg, og dei fleste høve vil det vere snakk om krigsbrotsverk.
IDF skriv i ein kommentar til NRK at ordrane og direktiva frå IDF forbyr bruk av sivile frå Gaza som er fanga til militære oppdrag som sett dei i fare, og at dette er avklart med dei som er på bakken.
– Påstandane i denne artikkelen blei vidaresendt for å bli granska av dei relevante styresmaktene.
Publisert 20.08.2024, kl. 21.37