Temperaturfall på 14 grader dei neste dagane

5 months ago 39


I Kristiansand vil temperaturen komme ned mot 8 grader på torsdag, viser vêrvarselet frå Yr.no. I dag skal det vere 22 grader på det varmaste.

I Oslo vil temperaturen bikke 26 grader, men på torsdag vil temperaturen komme ned mot 10 grader.

Dermed ser det ut til at det ikkje blitt den starten på sommaren som mange sikkert hadde håpa på.

– Eg anbefaler folk å nyte finvêret og temperaturen før han går litt ned, seier statsmeteorolog Sigrid Auganæs.

– Lettare å sove

Lågtrykket som kjem innover Sør-Noreg dreg med seg kaldare luftmassar over Grønland og Island rett inn mot Vestlandet.

– Temperaturane vi får er vel innanfor dei normale intervalla, men det kjennest nok litt kaldare når vi har hatt så fint vêr i det siste, seier Auganæs.

Sør-Noreg vil og få regn i løpet av veka, men truleg ikkje alle stader.

– Viss ein skal sjå litt positivt på det, så blir det kanskje lettare å sove, seier statsmeteorologen.

Paraplyer i regn på Karl Johans gate i Oslo

Det skal regne over hele Sør-Noreg neste veke, difor bør du nyte finvêret no, seier statsmeteorologen.

Foto: NTB

Vestlandet: – Skal regne i eitt sett

Vestlandet skal vere typisk Vestlandet den neste veka, fortel statsmeteorologen.

Det skal stort sett regne i eitt sett.

Også i Midt-Noreg ser det vått ut den neste veka.

– Litt fint dei neste to dagane, men frå onsdag av, så skal det regne ein del, fortel Auganæs.

Temperaturane vil bli såpass låge over fjellovergangane at det kan snø.

Blant anna ser det ut til at det blir kvit nedbør over Nord-Europas høgaste fjellovergang, Sognefjellet.

– Det er noko å tenke på viss ein har tenkt seg over fjellet i Sør-Noreg på sommardekk, seier Auganæs.

Nord-Noreg temperaturvinnar

I den nordlege delen av landet startar veka litt grått og kaldt, men utover veka vil temperaturane auke.

I Tromsø vil gradestokken vise tal opp mot 20 grader onsdag.

– Nord-Noreg ligg på ein måte i bakkant, som gjer at dei får litt varmare luftmassar enn det Sør-Noreg får, forklarer statsmeteorologen.

Sjølv om det er vanskeleg å vite heilt sikkert korleis vêret blir neste veke, har meteorologen ein god beskjed.

– I løpet av neste veke ser det ut som det går opp igjen til litt meir behagelege sommartemperaturar.

Publisert 03.06.2024, kl. 12.33

Read Entire Article