– Det er litt teikneserie over det med å flyge ballong. Det er noko litt retro over det her i ei tid kor ting skal gå fort og vere lett.
Det seier Anders Baumberger. Når NRK snakkar med han er han på tur i Austmarka i Oslo og prøver å lande igjen etter opplevinga søndag kveld.
Målet var å sjå toppane i fjellområdet Hurrungane frå korga.
Saman med ballongførar Poa Ekeblad og ein passasjer til, sette dei til vers ved Turtagrø søndag kveld og landa seinare på Valdresflye.
- For nokre år sidan hadde Anders Baumberger med seg den to år gamle sonen sin på toppen av Lodalskåpa.
Ein 14 år gamal draum
Baumberger er friluftslivsentusiast, lektor og forfattar av «Turboka». Han fortel at han var besett av tanken på å flyge då han var liten. Han begynte seinare med paragliding – noko kona meinte han måtte slutte med då han vart familiefar.
– Så då begynte eg med luftballong. Det er ikkje noko ein berre begynner med utan vidare, så då må ein finne seg nokon gode venner som har sertifikat for den slags, seier han.
Då kom kompis og luftballongførar, Poa Ekeblad inn i bilete. Han hadde svevd over Jotunheimen ein gong før. Men aldri over Hurrungane.
Og det viste seg at Ekeblad hadde drøymt om nettopp det i 14 år.
– Eg har gått og sett på kartet og venta på vêr sidan 2010. Dei fjella i Hurrungane er så fantastiske. Det er så alpint terreng. Så utruleg flott utsikt, rett og slett, seier Per Ekeblad.
- Reidun hadde pakka med seg kake og skulle feire sin 2000-meterstopp nummer 100, då steinblokker losna og knakk leggane hennar.
Mykje måtte klaffe
Første forsøk på å komme seg over fjellområdet skjedde i vinter. Då hadde dei lagt ut ballongen og var klare før det kom kastevindar som tok tak i ballongen deira.
– Vi måtte pakke saman meir eller mindre i ho og hast før det vart enno sterkare vind. Det er litt som ein fjelltur. Viss vêret seier at ein må snu, så snur ein, seier Anders Baumberger.
Det er mykje som må klaffe fortel dei to. Ballongen er avhengig av perfekte vind- og verforhold. Og ein kan aldri vere heilt sikker på kor vinden tek dei. Denne gongen låg alt til rette.
– Klar luft, bra sikt, svak vind på bakken. Og så akkurat i går hadde vi ein påliteleg, ganske kraftig vind frå vest mot aust i høgda. Det er som sagt den kombinasjonen eg har venta på i 14 år nå, fortel Poa Ekeblad.
Etter om lag to timar i ballongkorga landa dei om lag 100 meter frå kafeen på Valdresflye.
– Det er alltid godt å stå på bakken, men det er ikkje nervepirrande å fly i ballong. Han er veldig opptatt av sikkerheit. Vi tok ingen sjansar, seier Anders Baumberger.
Publisert 20.05.2024, kl. 15.11