Svensk politi etterforskar hending under Eurovision – nederlandsk artist avhøyrt

5 months ago 34


– Vi har ei sak om ein mann som er mistenkt for ulovlege truslar i Malmö Arena.

Det skal ha gått føre seg torsdag kveld, men meldt til politiet fredag, seier Evelina Olsson i politiet til Aftonbladet.

Politiet seier at dei har avhøyrt vitne og sett i gang med etterforskingstiltak.

SVT skriv at svensk politi ikkje vil svare på om mannen er den nederlandske artisten Joost Klein.

Klein fekk ikkje opptre under jury-prøvene fredag etter ei «hending».

Ifølgje SVT seier politiet at den råka er ein medarbeidar i ESC.

Den nederlandske avisa AD skriv at dei har fått stadfesta frå svensk politi at det er Klein som er mistenkt for å trua ein tilsett.

Politiet vil ikkje seie nøyaktig kva Klein skal ha sagt, men at han blei avhøyrt fredag.

Publisert 11.05.2024, kl. 10.29 Oppdatert 11.05.2024, kl. 10.33

Read Entire Article