Sushi, taco og tapas? Til konfirmasjon?!

4 months ago 46


– Vi bestemmer!

– Kva bestemmer de?

– Maten!

Dei er ikkje akkurat konfirmantblyge, dei fem ungdommane på Killingrud skole i Solbergelva. I alle fall ikkje når det gjeld konfirmasjonsmaten. Dei er eineherskarar over årets meny.

Konfirmanter, Killingrud skole, Solbergelva

Konfirmantene Sean Nicolay Egge-Halvorsen (frå venstre), Krisander D. Iversen, Lucas Winnæs, Tuva Synnøve Kristoffersen og Ingerid Oldebråten.

Foto: Dana Khalouf / NRK

– Det blir ein treretters. Suppe, kylling og is, seier Ingerid Oldebråten og legg til:

– Det er det eg som har bestemt.

Venninna, Tuva Synnøve Kristoffersen, heller mot det mexicanske kjøkkenet.

– Taco. Det er noko alle liker. Ein kan variere, sterkt og mildt, kjøtt eller vegetar. Så er det jo favorittretten min – og dagen min, grunngir ho.

Kompistrioen Lucas Winnæs, Krisander D. Iversen og Sean Nicolay Egge-Halvorsen har også årets konfirmasjonsmeny klar. Bestemt av dei unge herrane sjølve, naturlegvis.

– Biff Stroganoff-gryterett med salat og brød, seier Krisander.

– Koldtbord eller snittar, har Lucas bestemt.

Nykonfirmerte Sean gjekk også for koldtbord.

– Eggerøre, karbonadar, ulikt pålegg, loff ... veldig god mat.

konfirmasjon, tapas

Tapas er stadig mer pop hos kidsa. Her fra en konfirmasjon på Konnerud i Drammen forrige helg.

Foto: Stian Haraldsen / NRK
Sean Nicolay Egge-Halvorsen, Lucas Winnæs, Krisander D. Iversen

Sean Nicolay Egge-Halvorsen, Lucas Winnæs, Krisander D. Iversen bestemmer hva som skal serveres.

Foto: Dana Khalouf / NRK
Taco til konf

Konfirmasjonstaco à la Rogaland.

Foto: Henning Rønhovde / NRK
Tuva Synnøve Kristoffersen, Ingerid Oldebråten

Hvem bestemmer maten? Tuva Synnøve Kristoffersen og Ingerid Oldebråten!

Foto: Dana Khalouf / NRK

Sjefsrolla har forandra seg

– Ja, du. Kva har skjedd her? innleier mathistorikar Christopher Sjuve med ein underfundig strek på munnen da vi spør han om kven som eigentleg bestemmer kva som skal stå på menyen under konfirmasjonen.

For #somme har skjedd.

Før – i retteleg gamle dagar – for eksempel på 70-, 80,- og 90-talet, var kanskje rekekabareten sjølvsagt på alle konfirmasjonsmatbord. Eller skinkesteika.

For ikkje å gløyme den erkenorske retten kjøttkaker med poteter og erter i brun saus.

Sånn er det ikkje lenger.

Christopher Sjuve lager Tix-pannebånd-pannekake

Christopher Sjuve er mathistorikar og meiner nokså bestemt at det har vore nokre forandringar på konfirmasjonsmatfronten dei siste åra.

Foto: Tarjei Mo Batalden / NRK

Om desse rettane ikkje er eit tilbakelagt stadium, så er dei i alle fall eit sjeldan syn på norske, pynta konfirmasjonslangbord i eit utleigelokale i 2024, enten vi snakkar Otta, Snarøya eller Solbergelva.

Det har nemleg ungdommen kravd. Og det gjorde dei kanskje ikkje før, eller ...?

– Eg har ikkje gjort nokon vitskaplege undersøkingar på dette, men det kan verke som, på litt tynt datagrunnlag, at det er ei viss endring i kven som sjefar og bestemmer, svarer Sjuve – som bruker seg sjølv som eksempel:

– Eg kan ikkje hugse at eg hadde så sterke meiningar om kva som skulle vere på konfirmasjonsbordet i året nittenhundre og blomkål.

Konfmat

Sushi til konfirmanten er slett ikkje uvanleg.

Foto: Tina Brock / NRK

Sidan den gong har mathistorikaren deltatt i ein del konfirmasjonar. Han samanfattar:

Eg meiner å sjå at det er ein viss innverknad frå den konfirmerande garde. Og at det plutseleg dukkar opp ting som var heilt uhøyrt for nokre år sidan, seier han og nemner tacoskjel og sushibitar.

Sushi og taco, sjølvsagt

Da Ella Vassvik (14) blei konfirmert i Sandnes sist helg, var ho aldri i tvil om kva som skulle stå på middagsbordet i etterkant. Og maten gjekk ned på høgkant.

Ella Vassvik ville ha taco til konfirmasjon.

Da Ella Vassvik (14) blei konfirmert i Sandnes, fall valet på det ho et omtrent kvar einaste fredag, nemleg taco.

Foto: Henning Rønhovde / NRK

– Taco! Da kan alle bestemme kva dei vil ha, alle finn noko dei likar.

– Var det du som bestemte at det skulle vere taco?

– Ja, det er favorittretten min. Eg et det kvar fredag. Eller nesten kvar fredag, seier ho og ler.

Til middagen etter Håkon Hobbelstad (15) sin konfirmasjon i Hokksund sist søndag, samla selskapet seg rundt lekkert dandert fisk.

Konfirmant Håkon Hobbelstad (15) fra Hokksund valgte livretten sin, sushi.
Til høyre pappa Per Harald Hobbelstad

Konfirmant Håkon Hobbelstad (15) frå Hokksund valde livretten sin, sushi. Til høgre pappa Per Harald Hobbelstad

Foto: Tina Brock / NRK

– Sushi, det er livretten min, seier Håkon om matretten han gjekk for.

Pizza, litt rart?

På spørsmål om det er noko som ikkje heilt eignar seg eller passar som konfirmasjonsmat, svarer mathistorikar Christopher Sjuve.

– I utgangspunktet så er dette eit felt utan særleg mange reglar. I alle fall ikkje nedskrivne.

Likevel. Hadde nokon servert ribbe eller pinnekjøtt, kva då?

– Ville du ikkje tenkt at det var litt rart? funderer Sjuve og held fram med eit spørsmål han sjølv vel å svare på.

– Kva med pizza, er ikkje det ungdommeleg? Jo, men det er rart, ikkje sant? Det hadde vi kanskje reagert litt på. Så det viser seg at det er nokre uskrivne reglar i dette systemet likevel.

Pizza Grandiosa

Konfirmasjonsmat? Njæ ...

Foto: Karina Kaupang Jørgensen / NRK

– Vi hadde vel kanskje stussa litt om vi hadde fått julemiddag servert i ein konfirmasjon?

– Svenskane har sild både på jonsok og på julaftan. Men vi har meir orden på den greia der, svarer Sjuve med eit aldri så lite salt og syrleg stikk til søta bror.

Han forsikrar likevel at kva som enn måtte bli servert i ein konfirmasjon, så snur han aldri i døra.

– Eg er jo godt oppdratt og kjem frå ein nokolunde møblert heim.

Christopher Sjuve tilbereder Tix-pannebånd

Christopher Sjuve ønsker alle konfirmantar lykke til med dagen og maten.

Foto: Tarjei Mo Batalden / NRK

Summa summarum: Uavhengig av kven som har bestemt menyen, kva betyr eigentleg maten i dagens konfirmasjonar?

Skal eg vere ærleg på det, så svarer eg at eg eigentleg trur at det ikkje betyr så veldig mykje. Ta ned ambisjonane litt, gjer det litt enklare. Det handlar meir om å lage eit hyggeleg selskap,avsluttar Sjuve.

Publisert 13.05.2024, kl. 12.53

Read Entire Article