– Hadde eg vore student og skulle studert i Bø hadde eg tenkt «hallois». Eg trur folk må komme og sjå kor fint dette er, for det skjønner dei ikkje.
Det seier Martin Ytreland som er einingsleiar for heimetenester og institusjon i Midt-Telemark.
Vi blir viste rundt i avdelinga på Bø sjukeheim. Fem lyse, trivelege rom på 25 kvadratmeter står innflyttingsklare. Romma er umøblerte, noko institusjonspreget, og har eige bad. Toaletta har armstøtte.
– Det trur eg ingen studentar har noko vondt av, ler Ytreland.
Hadde lett tatt tilbodet
23 år gamle Jan Henrik Myhrvold studerer ved USN i Porsgrunn. Han bur i ein studenthybel på 19 kvadratmeter, og betaler 6200 kroner i månaden. Der er det mindre kjøkken, og ikkje store fellesrom.
– Det er eit ganske bra tilbod for studentane med tanke på prisen og korleis det er for oss å bu. Tenk å kunne sosialisere med dei eldre på den måten. Eg veit det er lett å kjenne seg einsam som student, seier han.
Han er ikkje i tvil om at han hadde slått til på tilbodet om å bu på Bø sjukeheim om han hadde studert i Bø.
– Eg hadde definitivt sagt ja til det. Eg snakkar ofte med besteforeldra mine. Dei har mykje dei har opplevd og alltid noko morosamt å seie, så eg hadde hange med dei eldre på sjukeheimen, ler han.
Gjekk bort frå frivilligkrav
I vår søkte kommunen Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark om pengar til prosjektet «student i sjukeheimar», og fekk tilslag på 250.000 kroner. Da var kravet til studentane som skulle bu på sjukeheimen at dei skulle jobbe frivillig 15 timar i månaden. Det har kommunen no gått bort frå etter mykje kritikk.
– Det var ein del kritikk på den frivillig-biten. Nokon meinte at kommunen fekk billig arbeidskraft, men det var ikkje fokuset vårt. Det viktige for oss er at studentane kan bu her og få møte med dei eldre, og dei eldre møter ungdommen.
Han seier han skjønner at nokon reagerte på at kommunen skulle «bruke» dei unge til å jobbe gratis.
– Det var ikkje vår tanke. Vi ønskte at dei som ville vere med å bidra frivillig skulle få lov til det.
Ønsker dei unge velkommen
80 år gamle Odd Vevle bur i omsorgsbustad ved Bø sjukeheim. Han gler seg til det kjem studentar, og seier det vil bli eit nytt, friskt pust.
– Endeleg! Eg var lektor i botanikk og økologi ved høgskolen i 40 år, og hadde mange studentar. Det blir fint å få nokre nye ansikt rundt bordet her med oss gamlingane, flirer han.
Han er ikkje redd for at studentane skal feste og bråke for mykje.
– Nattesøvnen er viktig, men blir det bråk kjem vaktmeisteren og tar dei, ler han.
– Vi banar veg for heile Noreg
Martin Ytreland i Midt-Telemark kommune brenn enormt for prosjektet dei har sett i gang. Foreløpig er det to søkarar til dei fem studentplassane. Han trur erfaringane dei nå haustane kan bli til etterfølging for heile landet.
– Nå banar vi veg for mange kommunar. Nå får vi testa ut dette, og erfaringane våre kan brukast i andre studentfylke og kommunar. Vi går føre og prøver og feilar, seier han.
Hei
Takk for at du leser. Har du tips eller innspill til denne saken eller andre ting vi bør skrive om? Send meg gjerne en e-post!
Publisert 18.08.2024, kl. 07.42