Stoppar innspeling av svensk reality på Stetind

3 months ago 27


Det skriv TV 4.

– Torsdag kveld bestemte TV4 si innhaldsavdeling saman med produksjonsselskapet Jarowskij at det ikkje er rett tidspunkt for å fortsette innspelinga av Berget, skriv kanalen i ei melding.

– Deltakarane og produktionsteamet forlèt innspelingsplassen fredag og drar heim, melder kanalen internt.

Ein svensk mann i 50-åra som var deltakar i det svenske realityprogrammet døydde i Sørfold etter eit anfall onsdag. Dødsfallet skjedde i samband med innspeling.

– Eg er sjokkert

I serien skulle 15 ukjente svenskar kjempe om å først klatre opp på Stetinden i Narvik kommune.

Deltakarane skulle klatre opp på det 1392 meter høge fjellet på 14 dagar.

Programleiar, artist og rappar Petter Alexis Askergren sa i forkant av innspelinga at det var ein stor pengesum å vinne i programmet. Etter hendinga skreiv han følgande på Instagram:

– Eg er sjokkert! Det kjennest uverkeleg. Mine tankar går ut til dei pårørande.

Reality-bølge på Noregs nasjonalfjell

I 2013 skreiv NRK at Stetind ikkje hadde lykkast med å bli turistmagneten mange meinte han skulle bli.

Men no har Noregs nasjonalfjell blitt eit ynda mål for realityinnspeling.

I sommar har både Finland, Sverige og Nederland spelt inn realityprogram på fjellet.

I Noreg skal TV 2 denne hausten sende programmet «Voktaren: Fjellet gir – fjellet tar».

Etter den tragiske hendinga av den svensken realiyvarianten har TV 2 velta å berre kalle programmet sitt «Vaktaren».

– Det var naturleg å fjerne den «taglinen» frå tittelen vår med omsyn til det tragiske dødsfallet under den svenske produksjonen, siger pressesjef i TV 2, Jan-Petter Dahl til VG.

Publisert 16.08.2024, kl. 11.11 Oppdatert 16.08.2024, kl. 11.20

Read Entire Article