– Sommaren har vore heilt eventyrleg. Den skriv seg vel inn som kanskje den beste sommaren eg har hatt, seier Stian Staysman Thorbjørnsen (42) til NRK.
Han og ei rekke andre norske artistar har reist land og strand rundt på festivalar og folk har flokka til.
– Ein kjenner seg ganske privilegert når det er 17 år sidan eg starta å turnere, så får vi ein slik sommar no, slår Thorbjørnsen fast.
Kor mange tusen publikum det har vore til saman så langt har han ikkje heilt oversikt over, men han meiner det dreier seg totalt om fleire hundretusen til saman.
Møter publikum
Mange av desse har Staysman møtt på bygdene frå nord til sør, sjølv om det blir stadig fleire by-jobbar.
– Du går jo frå å spele for 14.000 i Kristiansand sentrum, til å køyre av garde til Engerdal og spele for 1000 menneske på eit samfunnshus.
Det blir hevda at i Noreg er det ein festival på kvart nes.
Men om myten ikkje stemmer heilt, så er det i alle fall framleis mange musikkfestivalar igjen før haustmørket seinkar seg.
Ikkje minst Rakettnatt i Tromsø. Der går artisten Dagny på scena fredag 23. august.
– Det er sjølvsagt noko vi gler oss ekstremt mykje til. Eg håpar berre at vi får godvêr.
Det fortel Juna Norvoll Sandvik, Dagny sin manager – og søster.
Dei siste vekene har Dagny og bandet ikkje berre turnert på festivalar i Noreg. Dei har også møtt fans over heile Europa.
Folk i alle aldrar
Ho trekk fram den store festivalen Rock for People i Praha, Sigett i Budapest og ikkje minst Smukfest i Skanderborg i Danmark.
– Dei har vore store høgdepunkt, seier Sandvik.
No håpar ho at godvêret i nord held seg framover.
– Eg fryktar jo at dei har brukt det opp, men vi får krysse fingrane.
For at festivalsommaren i Noreg kan vere lunefull når det kjem til vêr, er ingen tvil om.
Men Stian Thorbjørnsen melder at folk trassar det regnet som måtte kome, uansett alder.
– Folk frå 18 til 70 stiller mannssterke uansett om regnar, det er veldig moro, seier han.
Dei unge kan songane
Sjølv om Staysman er ein av veteranane på norske festivalscener blir han slått ned i støvlane av andre.
Sidan albumdebuten med «Blodsbrødre» i 1990 har Magnus Grønneberg (57), Per Vestaby (74) og dei andre i CC Cowboys heldt koken på nær endelause sommarturnear.
– Det er veldig mange yngre som kjem. Dei kan låtane og syng med. Sommaren har vore veldig bra.
Det seier Jan Sollien som har vore manager sidan slutten av 80-talet. Sjølv er han eigentleg pensjonist, men jobbar framleis med CC Cowboys.
– Dei er jo framleis Noreg sitt svar på Rolling Stones, meiner Sollien.
Publisert 18.08.2024, kl. 17.08