Datert: 09.05.2024
Besvart: 22.05.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl
Spørsmål
Helge André Njåstad (FrP): Nye bygg er ein kime til frustrasjon i politisektoren. I Bergen har ein jobba med nytt politihus i over 20 år. Trass i at fleire politikarar frå ulike regjeringsparti har smilt på bilete, er ting framleis usikre. I Vest-Lofoten slår grensa på 100 millioner kroner i investeringsramme, som har vore uendra sidan 2012, inn. Der har dei ikkje høyrt noko frå departementet på åtte månadar.
Kvifor gjer statsråden det så vanskeleg å realisere nye bygg til politiet?