Datert: 23.05.2024
Besvart: 29.05.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum
Spørsmål
Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa varslar i revidert nasjonalbudsjett for 2024 eit fall i bedriftsinvesteringar på fastlandet på 2,6 pst. i år, og eit endå større fall neste år (3,4 pst.). Samtidig veks det offentlege konsumet og investeringane på sokkelen i olje og gass.
Kva trur statsråden er årsakene til dette, meiner han det er ei berekraftig utvikling for Noreg på lang sikt, og i tilfelle ikkje, kva grep trur statsråden er mest effektive for å få framtidstrua og investeringsevna tilbake på sporet i bedriftene på fastlandet?