Speler for tomme tribunar – supportarar stoppa likevel kampen

3 months ago 28


Etter 2,5 minutt måtte kampen mellom RBK og LSK stoppast.

Laga speler for tomme tribunar etter at kampen sist blei stoppa av fleire VAR-protestar.

Men trass i tilskodarrestriksjonane møtte ei gruppe RBK-supportarar opp utanfor eit av dei opne hjørna med trommer, bluss og song.

Og røyk frå blussa fylte Lerkendal og kampen måtte stoppast.

Ylldren Ibrahimaj skulle til å ta eit frispark for LSK, men måtte vente til røyken hadde passert.

Etter kort tid starta kampen opp at og du kan følge kampen her.

Røyk fra pyro på rbk kamp

Røyken fylte opp Lerkendal.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Kampen går for tomme tribunar

Kampen mellom RBK og LKS går for tomme tribunar. Det er straffa Rosenborg fekk fordi kampen mot Lillestrøm ikkje kunne spelast ferdig 21. juli.

Supporterane protesterte mot videodømming og kasta fiskekaker og tennisballar på banen.

Og til slutt valde dommaren å avlyse kampen.

– Eg synest det er trist for fotballen. Vi er også her fordi vi ønsker at fotballen skal spelast og at kampen skal gjennomførast.

Det sa dommar Rohit Saggi til NRK.

Kampen mellom Rosenborg og Lillestrøm blei stoppet etter VAR-protest som involverte fiskekaker, bluss og tennisballar.

Dommaren fekk nok av kasting av fiskekaker, bluss og tennisballar inn på banen og avlyste kampen da det stod 30 minutt på kampuret.

Noregs Fotballforbund bestemte at seriekampen skulle spelast om igjen, men som ei straff må dei spele kampen for tomme tribunar.

Supporterane må pusse opp brakka

Supporterane som kasta fiskekaker og tennisballar på banen i kampen mot Lillestrøm blir sanksjonert av Rosenborg.

RBK straffar dei involverte supporterane i VAR-protestane: Dei må hjelpe til med å pusse opp Rosenborg sitt klubblokale Brakka.

Oppdraget omfattar nedskraping, vasking og måling av Brakka. Ein jobb som er berekna til å koste om lag 400.000 kroner, skriv klubben sjølv på eiga nettside.

– Dette er ein historisk hending i norsk fotball, og det påverkar klubbens val av sanksjonsform, sa Tore Berdal, dagleg leder i klubben.

Klubben skriv at enkeltsupportarar var svært aktive i form av å smugle inn tennisballar og fordele disse på tribunen.

– Protesten var ikkje retta mot klubben, men det er ingen tvil om at det er Rosenborg som sit igjen med konsekvensane.

Dei involverte supporterane har fått frist til 1. oktober med å gjennomføre arbeidet.

Publisert 21.08.2024, kl. 19.24 Oppdatert 21.08.2024, kl. 20.05

Read Entire Article