Slik kan streiken råke deg

4 months ago 45


I denne saka kan ein lese om ulike konsekvenser av streiken:

Riksmeklaren Mats Wilhelm Ruland kalla forhandlingane for noko av dei vanskelegaste han har vore med på.

3.500 medlemmar er tatt ut i streik fredag morgon. Måndag blir det enda fleire.

Dei to fagforeiningane har medlemmar i mange ulike delar av den norske starten. Difor kan denne streiken påverke deg på ulikt vis.

– Snøskredvarsla kan mangle heilt

Unio og Akademikerne er tatt ut i streik. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fredag tatt ut 295 tilsette i streik. Fleire blir tatt ut måndag.

Direktør i NVE Christine Kiste seier til NRK at dei sett overvaking- og varslingssystema på eit minimumsnivå for å førebygge skade på liv, helse og verdiar.

Streik NVE

Streikevakter utanfor NVE fredag.

Foto: Kristine Kjendalen / NRK

NVE er dei som mellom anna overvaker flaum og skred i Noreg.

– Snøskred- og isvarslinga er råka og innhaldet i varsla vil vere avgrensa eller mangle heilt. Flaum- og jordskredvarslinga vil gå føre seg tilnærma normalt, seier Kiste.

Passkøane og etterforsking kan ta lenger tid

Passkøane før sommarferien kan truleg bli lengre, etter at fleire saksbehandlarar i politiet er tatt ut i streik.

Det seier Frode Aarum, seksjonssjef i Politidirektoratet, til NRK.

– Då blir saksbehandlingstida lengre.

Akademikerne og Unio går i streik

Statsråd Karianne Tung saman med Riksmeklaren.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Han seier at også at mange påtalejuristiar ved Oslo Politidistrikt er tatt ut i streik.

– Det kan påverke etterforsking, hovudforhandlingar og varetektsfengslingar. Men vi veit ikkje nok om korleis dette blir enda.

Han seier det er viktig for dei å understreke at dei er opptekne av å vareta liv og helse, og dei derfor vil dei søke om unntak og dispensasjonar om det er nødvendig.

– Eit streikeuttak vil alltid forseinke behandling av sakene vi arbeider med. Derfor vil ta lenger tid med etterforsking av ein del saker.

I Oslo Politidistrikt er det tatt ut 230 tilsette fredag frå Akademikerne.

Unio og Akadmikerne har tatt på seg gule vester og er klar for streik. Første pulje ble tatt ut i streik fredag, andre pulje blir tatt ut på mandag.

Kan råke eksamen

– Dette vil kunne få konsekvensar for eksamen. Dei er jo avhengig av ein sensor. Kanskje spesielt munnleg eksamen. Det er ikkje mange som skal ut med det same, med det blir jo trappa opp etter kvart.

Det seier Sindre Heyerdal som er økonomikommentator i E24.

På universitetet og høgskulane rundt om i landet er mange tilsette tatt ut i streik.

Rektor ved Universitet i Bergen Margareth Hagen, seier at dette vil påverke eksamen.

– Det er særleg sensur, eksamensavvikling og tilsettingsprosessar som vil bli råka.

Publisert 24.05.2024, kl. 10.38 Oppdatert 24.05.2024, kl. 10.47

Read Entire Article