Slik kan konfirmasjonspengane vekse

4 months ago 58


Ein tommelfingerregel er at dei doblar seg på ti år. Da kan pengane vekse ganske fort når du startar med sparinga tidleg, seier Maren Stangeland Oftedal.

Ho er produktsjef i Sparebank 1 SR-Bank. Hennar aller beste tips til konfirmantane er å spare pengane.

Banken estimerer at det er til saman 2 milliardar kroner som går i gåver til norske konfirmantar.

Talet baserer seg på det foreldre, besteforeldre og andre familiemedlemmer oppgir at dei gir i gåve. Resultatet blir mellom 35.000 og 40.000 kroner til kvar konfirmant.

Gonger du det med 50.000, som er talet på konfirmantar i 2024, får du rundt 2 milliardar kroner.

– Dei unge er noko uerfarne med fondssparing, så for mange vil nok innskot og BSU blir opplevd som tryggast. Men for dei som er villige til å ta risiko og toler at kapitalen svingar i verdi, vil historisk sett fondssparing gi best avkastning.

Maren Stangeland Oftedal, produktsjef for sparing, Sparebank1 SR-Bank

Maren Stangeland Oftedal, produktsjef i Sparebank 1 SR-Bank, opplever at unge kundar er meir opptatte av sparing enn før.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Det kan altså lønne seg å ha is i magen når det gjeld kva du skal gjere med pengane du får til den store dagen.

– Unge kundar er meir opptatte av sparing enn før. I tillegg ser vi at dei plasserer forholdsvis meir i fond og pensjonssparing enn dei gjorde tidlegare, seier Oftedal.

David Rosland Aanensen (14) høyrer på ekspertane. Han har tenkt å spare i fond.

David Rosland Aanensen (14)

Aanensen skal bruke litt av pengane på noko han har lyst på. Resten skal han spare.

– Eg trur eg skal spare dei. Legge noko inn i fond. Eg er litt usikker, seier han.

Magnus Priésner (14)

Magnus Priésner (14) ønsker å bruke pengane på lett motorsykkel og spare det som er igjen.

– Eg skal ikkje bruke alt med ein gong, det hadde vore litt idiotisk, seier han.

Liselotte Bø Stokka (14)

Liselotte Bø Stokka (14) skal derimot spare alt.

– Eg tippar eg set pengane på vanleg sparekonto. Vi snakkar litt om det i vennegjengen, dei fleste sparer dei.

Malena Bratland-Scheie (15)

Malena Bratland-Scheie (15) sparer i BSU og skal sette noko av konfirmasjonspengane i fond.

– Eg tenker å spare dei til eg blir vaksen. Førarkort, bil, bustad og sånne ting.

– Foreldre bør sette føringar

Oftedal meiner ein bør styre forventningane til unge mot det vil komme situasjonar seinare i livet der pengar på bok vil komme svært godt med.

– Studietid, kjøp av bustad, møblar og bil for eksempel. Nokon ønsker også å reise for å oppleve verda. For å gjere ei lang historie kort er det mykje ein kan få glede av å bruke pengane på seinare i livet.

Forbrukarøkonom Derya Incedursun i Nordea er einig med Oftedal i at foreldre kan og bør sette føringar for kva unge bruker pengar på.

Ho kjem også med sine råd til unge som nå gjerne for første gong i livet får ein større sum pengar.

Derya Incedursun

Derya Incedursun i Nordea meiner foreldre bør legge føringar på pengane ungdom får til konfirmasjon.

Foto: Øystein Løwer

Korleis du burde spare kjem an på kva du ønsker å bruke pengane på.

Skal dei sparast til eit førarkort om tre år, kan det vere lurt å tenke ein sparekonto med uttaksavgrensingar. Da kan ein få god innskotsrente. Er det meir ein fem år til pengane skal brukast, for eksempel til bustad, kan ein spare i fond.

Det kan vere rentefond, kombinasjonsfond eller aksjefond, seier ho.

Unge snakkar meir om sparing og investering nå enn dei gjorde før, meiner Incedursun.

Det ser vi på sosiale medium, for eksempel om aksjemarknaden. Unge ned i konfirmasjonsalder begynner å snakke om det, så det er nok meir merksemd om det nå.

Publisert 20.05.2024, kl. 20.15

Read Entire Article