For mange har livet gått vidare etter ekstremvêret «Hans» i august i fjor.
Men i Sør-Aurdal er livet endra på ubestemt tid for dei rundt 70 elevane og 20 tilsette ved ungdomsskulen.
– Det er litt dumt. Eg skulle helst ønske at vi kunne gått på den gamle ungdomsskulen vår, seier Milla Sollien Nybakke.
Men ungdomsskuleelevane ved Sør-Aurdal ungdomsskule (SAUS), har ingen skule å gå til.
No har klassa til Nybakke, niande trinn, flytta inn på kommunehuset.
Der har dei tatt over mellom anna kommunestyresalen og ordførarens kontor.
- Ekstremvêret «Hans» har kosta kommunane enormt mykje pengar. Rekninga bør staten ta, meiner ordføraren.
Måtte flytte to gonger
Under ekstremvêret «Hans» sto ungdomsskulen i bygda Bagn under vatn, og vart flaumskadd.
Ei veke før skulestart hadde ikkje elevane nokon skule å gå til.
Løysinga vart å flytte elevane til den nedlagde barneskulen i Begnadalen, knappe tre mil sør for Bagn.
Men i mars måtte også denne skulen stenge.
På nytt måtte ungdomsskuleelevane flytte. For andre gongen i løpet av eitt år.
– Løysinga no er at 8.- og 10. trinn er i idrettshallen, medan 9. trinn er her på kommunehuset, seier Charlotte Kulterud som er inspektør ved ungdomsskulen.
Der har elevane fått både kommunestyresalen og kontora til kommunedirektøren og ordføraren til disposisjon.
- Her kan du lese kvifor dei måtte flytte frå den nedlagde barneskulen.
Kjem til å ta tid
Det har ført til at ordføraren i kommunen, Marit Hougsrud (Sp), no lev i pappaskar og flytter seg mellom dei kontorplassane som er ledige på kommunehuset.
– Det er litt famling når eg ikkje finn att ting, men det går fint, seier ho.
– Om det er ei løysing at eg flytter ut av kontoret mitt for ei stund, så gjer eg jo det.
Likevel ser ho fram til å kome tilbake på kontoret sitt, og få til ei betre løysing for elevane.
Men det kjem til å ta tid før ei ny skule står klar.
Hougsrud anslår at det vil ta tre til fire år.
I mellomtida vil ordføraren få til ei meir stabil, mellombels løysing for elevane.
Eit alternativ er å sette opp ein brakkerigg.
Ho håpar dei kan få til ei betre løysing til neste skuleår startar i august.
– Når dei begynner der så veit dei at der skal dei vere til den nye skulen står klar. Slik at dei slepp meir flytting, seier ho.
- Fleire hundre elevar må pendle mellom ulike lokale for å få undervisning. Dei vil at eksamen skal bli avlyst.
Ser fram til nok ei flytting
Elevane i kommunestyresalen byrjar å bli godt kjende i kommunehuset.
Likevel ser dei fram til å flytte nok ein gong.
– Det er heilt greitt her liksom, seier niandeklassingen Milla Sollien Nybakke.
– Men eg skulle jo ønskt at vi hadde eit klasserom å gå til som var på ei skule, og ikkje i kommunehuset.
Klassevenninna Oda Mikkelsgård er einig.
– Eg saknar veldig den gamle ungdomsskulen, seier ho.
Hei!
Har du tankar om saka du har lese? Eller har du tips til andre saker eg bør sjå på? Send meg gjerne ein e-post!
Publisert 05.05.2024, kl. 18.09