Skriftekspertar om monogrammet til Märtha: – Bokstavane er amatørmessig forma ut

4 months ago 51


Det var mange som sperra opp auga då prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett lanserte sin eigen rosa gin sist veke. Både juristar og avhaldsrørsla reagerte.

Heller ikkje skriftekspertar er begeistra.

For på etiketten var det teikningar av norske bær og sommarfuglar – og eit rosa monogram sett saman av «M» og «D».

– Eg har inntrykk av at bokstavane er amatørmessig forma ut. Både M-en og D-en avvik såpass mykje frå normative bokstavar at dei knapt kan gjenkjennast, seier Christopher Haanes.

Han blir omtalt som Noregs fremste kalligraf – og har mellom anna teikna diplomet til Nobels fredspris.

Kalligraf Christopher Haanes

Christoper Haanes har spesialisert seg på å teikne bokstavar på høgt nivå.

Foto: Lotte Olsen Jessa / NRK

Måndag ettermiddag skriv Märtha Louise på Instagram at monogrammet symobliserer kjærleiken mellom dei, og at dei har hatt eit tidlegare saman i Egypt.

Instagram-kontoen til Märtha Louise måndag ettermiddag.

Monogramet til Märtha Louise og Durek Verrett blei delt på Instagramkontoen til prinsessa måndag.

Foto: Skjermdump frå Instagram

Skjermdump frå Instagram over tydninga av monogrammet til prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett

Her har prinsesse Märtha Louise på Instagram forklart kva monogramet skal bety.

Foto: skjermdump frå Instagram

Meiner bokstavane kjem frå ulike tidsepokar

Heller ikkje studieleiar i grafisk design på Høyskolen Kristiania, Fredrik Eive Refsli, er overtydd, når NRK viser han monogrammet.

M-en og D-en står i ein forstyrrande nesten-symmetrisk komposisjon, og den gotiskinspirerte bokstavforma på D-en kjem frå ein annan tidsepoke enn den drakestilliknande utføringa til M-en, seier han.

Han peikar også på det han kallar handverksmessige detaljar, at monogrammet ikkje er like tjukt overalt, og at formene kurvar seg ulikt mellom dei ulike elementa.

Fredrik Eive Refsli

Fredrik Eive Refsli er førsteamanuesis i grafisk design ved Høyskolen Kristiania.

Foto: Jonatan A. Quintero

Kva synest du om monogrammet?

Ber dei blåse i andre meiningar

Natalie Rørvik oppfordrar brudeparet i Geiranger til å blåse i kva andre seier. Ho skal også gifte seg same dag som Märtha Louise og Durek, 31. august.

– Så lenge det betyr noko for dei, så må dei berre gjer det dei vil. Det er i alle fall det vi gjer. Vi lar oss ikkje påverke av andre, det er vår dag, seier ho.

Kent Ove Aandal Astad og Natalie Røvik

Natalie Røvik og Kent Ove Aandal Astad seier folk må blåse i kva andre seier. Det gjeld også prinsesse Märtha og Durek Verrett.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det komande brudeparet i Gjemnes har også brukt monogram på invitasjonane sine. Sjølv synest ho dei er finare enn det rosa som prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett har valt.

– Alle vil gjerne pirke på andre. Dersom folk tenkjer litt meir på sitt eige, så blir det bra, slår ho fast.

For spesielt interesserte

Tone Aure Strand driv firmaet Kortshop i Ålesund og leverer kort og trykksaker til 1500 brudepar i året.

– Det er veldig sjeldan folk ber oss om å lage monogram. Folk vil ha det meir minimalistisk, gjerne reine linjer, ikkje så mykje løkker og illustrasjonar som før, seier ho.

Tone Aure Strand

Tone Aure Strand driv firmaet Kortshop i Ålesund. Ho seier svært få brudepar brukar monogram no for tida.

Foto: Tone Molnes
Monogram

Eksempel på monogram for eit brudepar, som Kortshop har laga. Her er det kanskje Astrid og Marius som har funne saman.

Monogram

Kanskje ei Caroline og ein Trygve som ønskte ein bladkrans rundt monogrammet til bryllaupet.

Monogram

Kan det vere Knut og Sigurd som har funne saman?

Monogram

Evy og Nils-Bjarte er kanskje glade i blomster?

Monogram

Aisha og Targit har funne kjærleiken.

Monogram

Kanskje eit par som ønskte litt schwung over mongrammet.

Monogram

Monogram i grønt.

Monogram

Strekbokstavar til eit bryllaup.

Bryllupsinvitasjonene til Natalie Røvik og Kent Ove Aandal Aastad.

Slik ser bryllaupsinvitasjonane til Natalie Røvik og Kent Ove Aandal Astad. Dei har også monogram.

Foto: Privat

– Verkar tilfeldig

Christopher Haanes seier bokstavane i monogrammet til prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett har «utstikkarar» og slynger som verkar tilfeldige. Han peikar også på at M-en er langt større enn D-en, og lurer på kva som er grunnen til det.

Han seier det er utfordrande å seie korleis monogrammet burde vore teikna, men samanliknar det med dårleg framført musikk – eller mat.

– Eg spøkar ofte med at eg skulle ønskje ein blei fysisk dårleg av svakt forma ut bokstavar, slik ein blir av bederva mat, seier han.

Pressefolka til prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett vil ikkje svare på kven som har laga monogrammet. Dei ønskjer ikkje å kommentere kritikken.

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verretts monogram pryder etikken på ginen som er laget til parets bryllup

Foto: Ann-Iren Finstad / NRK

Publisert 01.07.2024, kl. 16.53 Oppdatert 01.07.2024, kl. 17.04

Read Entire Article