Politiet rykka natt til måndag ut til området Hauketo i Oslo etter melding om høgt smell og skrik.
Like før klokka 01:30 stadfestar politiet at det har blitt fyrt av skot. Dei opplyser at dei har kontroll på begge partane i saka og på våpenet. Den eine parten er pågripen. Politiet har ikkje oversikt over eksakt hendingsforløp, men gjer undersøkingar på staden.
Ingen personar er skada.