Ranet skal ha skjedd i Ålesund sentrum torsdag ettermiddag. Ved hjelp av kniv skal tre-fire gutar i 14-15-årsalderen ha gått laus på to jamnaldringar. Målet skal ha vore å ta frå dei jakkene deira.
– Dei ville ha jakkene, seier operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes.
Ho legg til at ho er usikker på om gutane fekk med seg jakkene, og ho kjenner heller ikkje til kva for merke dei hadde.
Det har vore ei rekkje knivran av ungdommar i Oslo i sommar, men det er ikkje kjent at det har foregått noko liknande i Ålesund tidlegare.
Skal ha foregått på høglys dag
Ifølgje politiet skal ranet ha foregått i området rundt Burger King, midt i Ålesund sentrum, på høglys dag.
Først like før klokka 23 la politiet ut melding om det som har skjedde. I meldinga på X står det at ranet var over før politiet kom til staden.
Operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes seier seint torsdag kveld at ho ikkje veit om det skal ha skjedd ute eller inne. Ho kjenner heller ikkje til om tenåringsgutane kjende kvarandre frå før.
Kontakta barnevernet
Politiet skal ha tatt med seg dei tre eller fire som er mistenkte i saka inn til avhøyr, og seinare tatt kontakt med barnevernet.
Saka blir no etterforska.
Publisert 12.09.2024, kl. 23.10 Oppdatert 12.09.2024, kl. 23.21