Sander (14) og Bjørnar (14) i ekstase: Fekk kveite på 25 kilo

4 months ago 41


I årevis har Sander (14) fiska åleine. Draumen var stor fisk på kroken. Så nappa det. Voldsomt.

  • Bilde av Frank Ertesvåg
søndag 12. mai kl. 18:50

– Det vart berre brått frykteleg tungt. Eg såg fort at det var ei kveite, fortel Sander Røysum Wiborg til VG.

Han tek ein pause frå kaker og talar i sin eigen konfirmasjon heime i Sogndalsdalen.

Det var Sogn Avis som først fortalde om dei unge storfiskarane søndag.

Mora til Sander, Ailin Wiborg, kom raskt ned til fjorden - der sonen og kompisen Bjørnar Gjerde Hofslundsengen (14) hadde kleppa kveita på 25 kilo heilt på eiga hand.

KVEITE-KAMERATANE: Sander Røysum Wiborg (14) og kompisen Bjørnar Gjerde Hofslundsengen (14) (til venstre) på kaia etter fangsten berre 10–15 meter frå Sjøkanten på Stedje i Sogndal. Foto: Privat

Storfangsten fekk dei berre få meter frå land.

– Han var heilt i ekstase! Tenk, her har han fiska og fiska i sju år. Så skjer dette, seier mamma Ailin til VG.

– Stolt, du også?

– Ja, eg er veldig stolt av han. Eg vart verkeleg glad på Sander sine vegne. Han brukar såå mykje tid på fiske. Ganske så ofte har han kome heim utan å få napp ein gong, fortel Ailin Wiborg.

Då gutane hadde fått landa kveita trygt oppi Sander sin båt - kom det nokre skrik og utbrot som truleg fekk trauste sogndøler i nærleiken til å lure på kva dei høyrde.

OVER EIN METER: 120 centimeter lang og 25 kilo tung kveite - var dei tørre fakta om kveita frå Sogndalsfjorden. Foto: Privat

– Eg hadde nesten ikkje trudd vi skulle få det svære beistet av ein fisk på 25 kilo og 120 centimeter opp i båten. Men det gjekk, og då vart det litt uhemma skriking, fortel 14-åringen som fyller 15 seinare i mai.

– Fått stor fisk før?

– Nei, ikkje noko i nærleiken. Det har blitt skrei på rundt 10 kilo, men det har vore i Ålesund-traktene, svarar Sander.

Søndag feirar både han og fiskekompisen Bjørnar konfirmasjon heime i Sogndal. Der er det ikkje fisk på menyen.

TUNG: Ikkje berre-berre å handtere ein sleip fisk på 25 kilo. Foto: Privat

Eg er ikkje så glad i å ete fisk. Men den kveita vi fiska sjølv, smakte heilt utruleg godt, seier Sander Røysum Wiborg.

25 kilos fisken måtte bestemora hans filetere og servere. Og deretter vart det eit måltid gutane seint vil gløyme.

KONF: Storfiskarane Sander og Bjørnar slapp å overdrive då dei kunne fortelje fiskehistorien i sine eigne konfirmasjonar søndag. Gutane stilte villig til fotografering i blådressar i det fine vestlandsveret. Foto: Privat

– Hadde ikkje gutane filma korleis dei fekk fisken, hadde eg trudd dei skrøna, sier mamma Ailin.

Ho fortel at det framleis er mengder av god fisk igjen, nærmare bestemt 12 kilo kveitefilet.

Read Entire Article