Sa ja til å sitje på alle stolane på Lerkendal: – Eit helvete

3 weeks ago 9


– Det var jo som å skulle ta 20. 000 knebøy. Ville eg få krampe? Ville eg bli så utmatta at eg ikkje kom til å fullføre?

Thomas Lone er ein eventyrar, ekspedisjons-farar og føredragshaldar – og er vant med tøffe utfordringar.

Han er blant anna den yngste nordmannen til å fullføre The Seven Summits, som går ut på å klatre opp den høgste fjelltoppen på kvart kontinent.

Men tidlegare i år skulle han gjere noko han aldri hadde førestilt seg å gjere.

Nemleg å sitje på alle stolane på Lerkendal stadion. Det vil seie 21. 423 stolar.

– Det var mange spørsmål som kverna rundt i hovudet mitt, seier Lone og ristar på hovudet, som for å anerkjenne at også han syntest det var litt galskap.

Thomas Lone i grønn natur på Sognsvann

MIMRAR: Thomas Lone må smile litt når han tenker på eksperimentet på Lerkendal.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Absurd utfordring

Sete-eksperimentet gjorde han i forbindelse med «Alle mot 1», programmet der ein deltakar konkurrerer mot TV-sjåarane i å gjette mest mogleg riktig på dei eksperimenta som blir gjennomført.

Og det er ikkje fyrste gongen at Thomas Lone er med.

Nokon vil kanskje hugse han frå i fjor da han gjekk 16 timar i strekk i trappene i Frognerparken. Oppgåva var å gå tilsvarande trinn som høgda til Mount Everest.

Og nå står enda ei absurd utfordring for tur.

– Trappa var veldig konkret, eg visste kva eg skulle gi meg ut på. Mens Lerkendal, det var eit helvete i forhold, innrømmer 29-åringen.

– Det vanskelegaste var å sjå alle stolane eg hadde igjen. Eg klarte ikkje å sjå for meg at det her noko sinne skulle gå, seier han og ler.

Thomas Lone på Lerkendal

GODT FØREBUDD: Thomas Lone hadde med madrass, proviant og forloveden Jannicke Øien, som fungerte som assistent og heiagjeng under eksperimentet.

Foto: NRK/Nordisk Banijay

Ville kaste inn handkleet

Som nemnt er Thomas Lone kjent med tøffe tak.

Han har gjort livsfarlege ekspedisjonar, og karra seg opp på blant anna Mount Everest og Denali.

Men dette er toppar som gir prestisje og status.

– Kvifor sa du ja til noko så sprøtt som å setje deg på alle seta på Lerkendal?

– Eg er klar over at det kan virke rart for mange. Men for meg er dette ein måte å trene dei mentale musklane på. Slik at når du faktisk treng å overkomme dei tøffe tankane så har du verktøya for å klare det, svarer eventyraren.

Thomas Lone på toppen av Mount Everest i 2019

MOUNT EVEREST: Thomas Lone pressa seg maksimalt for å kome på toppen av Mount Everest i 2019.

Foto: Privat

Trass i mange års erfaring med å skyve vekk dei negative tankane som dukkar opp når kroppen er nedbroten, erkjenner Lone at Lerkendal stadion var ei real utfordring.

– Eg hadde fleire djupe mentale knekkar. Eg tenkte: «Vi har ikkje tid til dette, eg har ikkje kroppen til dette». Eg ville berre kaste inn handkleet, erkjenner han og ler.

Trene på mentale musklar

Sjølv om han har gjort det eine rare eksperimentet etter det andre, ser han ikkje på seg sjølv som spesiell eller annleis frå andre.

– Eg vil tru at alle har det i seg å seie ja til noko slikt, dei har berre ikkje oppdaga det enda.

Sjølv fekk han lidenskap for å presse grenser og utfordre seg sjølv da han var i militæret. Fram til da hadde han hatt ein trygg og god oppvekst på Jar i Bærum.

– Militæret var fyrste gongen eg var utanfor komfortsona. Der lærte eg at når det er tøft så må du berre «pushe» gjennom det.

– Der har gitt meg drivkraft til å tore å satse høgt. All suksess, alle draumar kjem av å prøve og å feile, understrekar han.

Thomas Lone i grønn natur på Sognsvann

MØTE SMELLAR: – Om vi hadde vore flinkare til å trene dei mentale musklane våre så hadde vi hatt større motstandsdyktigheit mot dei mentale utfordringane i samfunnet, meiner Thomas Lone.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Han kan ikkje røpe korleis det gjekk til slutt, eller kor lang tid han eventuelt brukte. Svaret kjem i laurdagens sending av «Alle mot 1».

Derimot vil han gjerne kaste ljos på det som er hans fanesak.

– Eg trur at folk flest i dag, ved å ta på seg litt fleire utfordringar og ved å trene dei mentale musklane, ville ha fått betre liv, avsluttar han.

Sjå heile eksperimentet og korleis det gjekk med Thomas Lone i «Alle mot 1» på laurdag kl. 19.50 på NRK 1 eller i NRK TV.

Publisert 14.09.2024, kl. 11.44

Read Entire Article