Russ avskilta RBK-buss

5 months ago 32


– E det itj typisk Molde, spør bussjåfør Bente og rister på hovudet.

Ho køyrer bussen til Rosenborg, og står no utan skilt på bakenden.

På eit bilete med høg Molde-sirkulering på nettet sit ein kar i russedress og held bilskiltet.

RBK-bussen Bente sjåfør

Bussjåfør Bente og Bjørnis-bamsen over henne tek avskiltinga relativt roleg.

Foto: Webjørn Espeland / NRK

Slepp å overnatte

Bussjåfør Bente fortel at det er første gong noko slikt skjer med RBK-bussen, men at dei fleire gonger i Molde har blitt nedklistra av klistremerke.

– Må RBK-spelarane bli igjen i Molde til bilskiltet er funne?

– Nei da, me har skilt framme også. Men politiet seier dei håpar at det skal dukke opp i løpet av dagen.

Skiltet forsvann i løpet av natta, da bussen stod parkert utanfor hotellet Seilet.

RBK-bussen utan skilt

Finn ein feil.

Foto: Webjørn Espeland / NRK

Politioppbod

Store politistyrkar var ute i Storgata i Molde i lang tid før «hatoppgjeret» tok til.

Men det var ikkje det forsvunnede skiltet dei leita etter.

– Nei, det har me ikkje høyrt om, seier ein av politifolka.

Politi i Storgata, Molde

Eit stort oppbod av politi leita ikkje etter det stolne skiltet.

Foto: Webjørn Espeland / NRK

Det blei meldt om høgt aggresjonsnivå hos fleire supportarar allereie fleire timar før kampen.

På operasjonssentralen har dei heller ikkje los på skiltet.

– Forholdet er meldt av busselskapet, og det hadde vore hyggeleg om skiltet hadde dukka opp, seier politiets operasjonsleiar Jens Dahl.

Kanskje heng det no i ei russelue.

Publisert 11.05.2024, kl. 16.17 Oppdatert 11.05.2024, kl. 16.29

Read Entire Article