Riksmeklaren: Har snakka med partane i føremiddag

1 month ago 22


Rundt 190 kabintilsette er i streik frå Parat og Fellesforbundet denne helga. Det rammar flytrafikken.

Eg har snakka med begge partane i føremiddag. Det er ikkje planlagt nye møte enno, men eg håpar at partane snart er klare til å snakke saman igjen.

Det skriv riksmeklar Mats Ruland i ei tekstmelding til NRK.

Så langt i dag er minst 40 avgangar innstilte frå Oslo. Også morgondagens avgangar er påverka.

Møt som normalt om ikkje SAS gir beskjed

Ved service-skranken til SAS er det lang kø sundag ettermiddag. På Avinor sine nettsider står det at reisande som ikkje får direkte beskjed frå SAS om at reisa deira er endra, skal møta som normalt.

Maren Aase fekk beskjed om å møta opp i dag for å fly til Alta, men har no blitt flytta til eit fly i morgon.

Ein dag for sein til Alta, det skal gå fint. Eg er for streiken, men kor mykje den rammar meg veit eg ikkje enno, seier ho.

Terje Sandnes er òg på veg nordover. Han skulle til Bodø.

Eg har full respekt for dei som streikar og det er tilfeldig at den rammar meg. Eg skulle jo gjerne reist heim, men sånn er det, seier han til NRK.

Ønsker meir enn éi frihelg i månaden

Utanfor Oslo lufthamn står forbundsleiar i Fellesforbundet Jørn Eggum og rundt tredve andre streikande. Dei deler ut brosjyrar om streiken til dei reisande som er på veg inn på flyplassen.

– Me streikar fordi me ikkje er blitt einige med SAS om heilt rettferdige krav, seier Eggum til NRK.

Krava frå kabintilsette er høgare lønn og betre arbeidsvilkår. Dei ønsker også meir enn éi frihelg i månaden.

Forbundsleiaren seier det ikkje er kjekt når streiken rammar dei reisande, men at streiken er nødvendig.

Han seier han er glad for at mange som går forbi viser støtte.

– Me håpar ikkje på ein lang streik, men ein ny tariffavtale, seier Eggum.

Krevjar meir i løn

Ein kabintilsett i SAS har 27.317 kroner i månaden i grunlønn på nedste lønnstrin, opplyser leiar i SAS Norge Kabinforening i Parat, Martinus Røkkum til NRK.

– Det er viktig å merka seg at ein står stille på kvart lønstrinn i 2 år før opprykk. Det betyr at etter 10 år i selskapet er ein berre på trinn 4, seier han.

Han legg til at dei tilsette må jobba i 22 år før dei er på det øvste lønnstrinnet, og at det ikkje er tillegg for kveld, natt eller helg.

Trappar opp streiken onsdag

Fredag varsla Fellesforbundet at dei kjem til å trappa opp streiken frå onsdag 28. august.

Frå onsdag morgon går det mot full stopp, seier forbundsleiar Jørn Eggum i Fellesforbundet til NRK.

Også Parat vil trappa opp streiken. Dei har tatt ut 40 kabintilsette i streik denne helga, og tar ut 47 til frå onsdag.

Publisert 25.08.2024, kl. 17.23 Oppdatert 25.08.2024, kl. 17.27

Read Entire Article