– Dette viser openbert at dette er organiserte kriminelle som driv med narkotikaverksemd, seier konstituert førstestatsadvokat og aktor Benedicte Hordnes til NRK.
I Hordaland tingrett sit fire menn og ei kvinne tiltalte for å ha innført 150 kilo kokain til Husnes i Kvinnherad i april i fjor. Alle er frå Albania.
Når dei er tiltalte som ei organisert kriminell gruppe, er det for innføring av det største kokainbeslaget gjort på Vestlandet nokosinne. Det er også det første beslaget i Noreg av narkotika som var frakta under skip.
Sentralt i operasjonen for å arrestere dei tiltalte, var både overvakingskamera, sporingsbrikker på bilar, og filming frå helikopter.
Les her om korleis dei fem personane blei arresterte:
Hadde fleire mobiltelefonar
Ein av dei tiltalte – ein mann på 30 år – vedgår straffskuld etter tiltalen.
Ein sjette person var også sikta, og blir omtalt i retten i gjennomgang av saka. Denne mannen døydde i fengsel i fjor. Dødsfallet blir etterforska.
Dei seks som blei arresterte skal ha hatt til saman åtte telefonar.
Desse skal dei ha brukt mellom anna til kryptert meldingsutveksling der dei hadde kallenamn.
Med desse kommuniserte dei før dei reiste inn i Noreg og medan dei var i landet.
Nokre av dei kom med fly, og nokre av dei i bil. I Noreg leigde dei også bilar som dei køyrde til Husnes.
Avslørt av utstyr
Operasjonen med å få kokainen til Noreg byrjar då skipet «Nordloire» forlét Port au Prince på Haiti den 12. mars 2024.
Skipet la til kai i Vila do conde i Brasil den 25. mars, og reiste den 28. mars.
Då skulle det frakte råstoff til aluminiumproduksjon til Noreg, men ein plass på vegen har kokain blitt festa under skipet.
Metoden med å frakte narkotika under skip blir kalla parasittsmugling. Dette er ein kjent metode som tollarar og politi har jobba lenge med å avdekke.
Samtidig som skipet var på veg, var også dei tiltalte det.
Avsløringa byrja då ein mann prøvde å frakte dykkarutstyr inn til Larvik i ein tyskregistrert bil. Med to undervass-scooterar i bilen fatta tollarar mistanke.
Dei tipsa politiet, men lét mannen køyre vidare.
Han køyrde til eit hotell ved Gardermoen. Der skal fleire av dei tiltalte ha opphalde seg saman.
Fekk overlevert
Ved Gjerdrum fekk to av dei tiltalte, pluss den sikta som er død, overlevert dykkarutstyret frå mannen. Leverandøren skal så ha køyrt vidare.
Ein tiltalt var då på veg til Husnes i bil der han skal ha leigd ein Airbnb-bustad.
Dei andre følgde etter neste dag i to leigebilar og leigde ein annan bustad.
Dagen etter reiste dykkaren (45) og kvinna til ein butikk i Bergen. Der kjøpte dei dykkarutstyr verdt rundt 35.000 norske kroner. Dette blei betalt delvis kontant, delvis med mastercard. Kortet blei funne på ein av dei tiltalte.
Etter at skipet frå Sør-Amerika hadde lagt til kai på Husnes 12. april, slo dei tiltalte til.
Klokka 00.18 var dei parkerte ved hamna, og klokka 01.25 skal dei ha jobba i fjæra. Dei fekk kokainen på land, og køyrde vekk frå skipet i forskjellige bilar.
Då vart dei arresterte i ein væpna politiaksjon.
Hadde pakkeutstyr
Den eine personen frakta alle dei fire baggane med kokain. Det var til saman 150 kilo kokain. I dei andre bilane blei det funne dykkarutstyr.
I den eine leigebustaden blei det funne vakuumpakkemaskin, eingongshanskar, pakketeip, og mykje mat.
– Eg meiner denne saka bevismessig er enkel. Dei fem er tatt idet dei har ein operasjon der dei hentar ut dette stoffet, seier aktor Hordnes til NRK.
– Her gjeld det berre deira forsett, og kva dei visste om kva bagane inneheldt.
Politi i retten
Den første dagen var det innlegg frå aktor og deretter fekk 27-åringen forklare seg.
Mannen fortalde at han hadde jobba både i Albania og for ein arbeidsgivar i Italia. Til Noreg kom han for å ta det han trudde var ein jobb i byggebransjen.
Han meiner han blei lurt og at han ikkje visste kva han var med på.
Saka starta i dag i Hordaland tingrett, og det er sett av minst 10 dagar.
Forsvararane har til no ikkje uttalt seg til NRK.
Publisert 07.05.2024, kl. 18.41 Oppdatert 07.05.2024, kl. 18.58