– Helikoptera flyg over her no og prøvar å avgrense brannen, fortel Trond Hågensen til NRK.
– Det er så mange ferieturistar her, og alle står på gata.
Hågensen seier det var ein Lidl-butikk som tok fyr og blei evakuert onsdag ettermiddag, og at brannen spreidde seg til terreng likevel.
– Røyken ligg over heile byen. Det var vanvitig med røyk. Politiet står her med munnbind på seg og dirigerer trafikken.
Landssjef i Ving Norge, Marie-Anne Zachrisson, seier at dei har 155 kundar på tre hotell i området. Desse er no evakuerte og står på gata, seier ho vidare.
– Sjølve brannen har oppstått ved ein Lidl-butikk. Difor har vi prata med kundar som er råka, fortel ho til NRK.
– Det siste no er at styresmaktene framleis ikkje har full kontroll på brannen. Så vi følger nøye med på kva for råd vi får.
Publisert 11.09.2024, kl. 17.09 Oppdatert 11.09.2024, kl. 17.16