Professor arrangerer teltleir: Krev at NTNU kuttar bindingar til Israel

4 months ago 43


– Det er flaut at NTNU er det einaste universitet som enno ikkje har diskutert Gaza, seier Bassam Hussein, professor ved Fakultetet for ingeniørvitskap ved NTNU.

Saman med andre tilsette og studentar sit han i teltleiren som blei sat opp utanfor hovudbygningen ved NTNU før helga.

Det er ein av fleire leirar som har dukka opp utanfor utdanningsinstitusjonar i landet.

Har familie i Gaza

Hussein har budd over 30 år i Noreg. Det meste av familien hans bur framleis i Gaza, seier professoren.

– Det er ikkje lett å få kontakt, men frå tid til anna får eg meldingar frå familiemedlemmer i Gaza. Det er mykje frykt og fortviling.

NTNU-Teltleir

Fleire har sove i telt i leiren utanfor hovudbygningen ved NTNU i Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

Hussein fortel at dei fleste i familien er i ein flyktningleir lengst nord på Gazastripa. Systera bur enda i Gaza by.

– Eg går nesten og ventar på å få beskjed om at nokon eg kjenner er blitt drepen.

Krev slutt på samarbeid

Teltleiren er organisert av Studentar for Palestina i Trondheim og Akademisk Nettverk for Palestina ved NTNU.

Sidan fredag har det til ein kvar tid vore mellom ti og 30 demonstrantar i leiren fortel demonstrantane. Fleire har sove i telt.

– NTNU må verkeleg ta stilling til folkemordet på Gaza, seier Hussein.

Gjennom eit brev til leiinga ved universitetet har demonstrantane fremma fleire krav.

Mellom anna krev dei at NTNU avsluttar samarbeid med våpenprodusenten Kongsberg Gruppen og at det ikkje inngår nye samarbeidsavtaler med israelske statlege aktørar.

NTNU-Teltleir

Omtrent ti personar sat i teltleiren måndag formiddag.

Foto: Morten Andersen / NRK

Skal bli behandla i universitetsstyret

Medan NRK er på besøk i teltleiren kjem konstituert rektor ved NTNU, Tor Grande, ut for å snakke med demonstrantane.

– Dette er ein viktig del av universitetsdemokratiet, seier Grande om teltleiren.

– Eg veit at det er stort engasjement for situasjonen på Gaza, både blant studentar og tilsette.

Eit av krava frå demonstrantane er at krava deira skulle bli diskutert på NTNU sitt styremøte 15. mai. Grande bekreftar ovanfor demonstrantane at situasjonen på Gaza vil bli diskutert.

– Vi kjem til å diskutere alle krava som demonstrantane har lagt fram, så blir det til sjuande og sist opp til styret kva NTNU skal gjere.

NTNU-rektor Tor Grande besøke teltleiren utenfor hovedbygningen

Konstituert NTNU-rektor Tor Grande kom ut for å snakke med demonstrantane.

Foto: Henning Levold / NRK

Kan stryke på eksamen

– Vi ønsker å vise motstand mot at NTNU samarbeider med israelske institusjonar, seier Magnus Barka Hjelle. Han er leiar for Studentar for Palestina i Trondheim, og held fram:

– I tillegg ønsker vi å vise støtte til studentar over heile verda som gjennomfører liknande demonstrasjonar.

Han er sjølv student og har fleire eksamnar i mai. Likevel brukar han mykje tid på mellom anna å arrangere teltleiren.

– Det kan godt hende eg stryk på den siste eksamenen dette semesteret, seier han.

– Folk dør. Det er verre ting som kan skje enn å stryke på ein eksamen seier han.

NTNU-Teltleir, Magnus Barka Hjelle

– Vi får mykje støtte frå folk som går forbi og får mykje støtte, seier Magnus Barka Hjelle.

Foto: Morten Andersen / NRK

Publisert 14.05.2024, kl. 08.41

Read Entire Article