Problem med eksporten av gass til Storbritannia

5 months ago 62


Gassen frå Ormen Lange blir eksportert til Storbritannia gjennom Langeled, ein av verdas lengste undersjøiske røyrleidningar. Denne gassen blir igjen prosessert på Nyhamna i Aukra kommune før den går vidare ut i Europa

Gassanlegget leverer 25 prosent av forbruket til Storbritannia. Måndag er det problem med gassoverføringa frå Noreg til Storbritannia.

Linda Nordbø, kommunikasjonsleiar og pressekontakt i Gassco, seier at det er ei hending på Equinor-feltet Sleipner som får ein konsekvens for gassanlegget på Nyhamna i Møre og Romsdal.

– Totalt er bortfallet av gass i systemet dette døgnet på i overkant av 50 millionar. Vi leverer normalt rundt 300-320, seier Nordbø til NRK.

Det norske selskapet Gassco er operatør av gassanlegget på Aukra, medan Shell er teknisk tenesteytar og ansvarleg for vedlikehald av anlegget.

Hopp i gassprisane

Equinor jobbar med å finne ut kva som er årsaka til feilen, men det er uklart kor lang tid reparasjonen vil ta, skriv E24.

I mellomtida må britane hente gassen sin andre stader. Gassprisane i Europa hoppa derfor over elleve prosent måndag, til rundt 38,5 euro per megawattime i 12-tida, ifølge Bloomberg.

Publisert 03.06.2024, kl. 13.07 Oppdatert 03.06.2024, kl. 13.23

Read Entire Article