Presidentval i Iran 28. juni

4 months ago 29


20. mai 2024 kl. 19:46

Iran skal halde presidentval 28. juni, melder statlege medium, ifølge AFP. Då skal etterfølgaren til president Ebrahim Raisi bli utpeikt.

Raisi og følget hans døydde i ei helikopterulukke søndag.

Det er erklært fem dagar med landesorg i Iran etter ulukka.

Tysdag startar minneseremonien for dei omkomne i byen Tabriz, nordvest i landet, før dei omkomne blir frakta til Teheran.

Raisi skal gravleggast i heimbyen Mashhad, men det er uvisst når det skjer.

Read Entire Article