Columbia trugar no med å utvisa studentane som har okkupert Hamilton Hall, opplyser New York-universitetet tysdag kveld, ifølge CNN.
Natt til onsdag norsk tid har politiet i byen sperra av området rundt universitetet.
Metroen stansar ikkje lenger på næraste stasjon og litt etter klokka 03 rykka politiet inn på det prestisjetunge universitetet.
Ein talsperson for universitetet seier at studentane vert møtt med konsekvensar for å ha brote reglane.
Studentane nektar å rikka seg før universitetet tilpassar seg krava deira.
Vert utviste og får ikkje ta eksamen
Sidan måndag kveld har kring 200 studentar barrikadert seg på universitetet, for å visa støtte med det palestinske folket.
Columbia-studentane ber om at universitetet trekker investeringane sine frå selskap med koplingar til den israelske okkupasjonen av Gaza.
Dei krev også økonomisk transparens.
Talsperson for universitetet Ben Chang, understrekar at å utvisa studentane ikkje handlar om politikk, men å få på plass att ro og orden på campus.
Demonstrantane som ikkje godtek vilkåra frå måndag om å fjerna teltleiren, får ikkje ta eksamen opplyser han, ifølge nyheitsbyrået AP.
Universitetet har ingen planar om å møta kravet til studentane, har Columbia-president Minouche Shafik uttala tidlegare.
Det øvste styringsorganet ved universitetet Brown på Rhode Island, har derimot gått med på å stemma over å trekka investeringar i israelske selskap, mot at demonstrantane pakka ned telta sine.
Hundrevis av politifolk har møtt opp
Fleire hundre politifolk har møtt opp og samla seg utanfor eit av bygga til universitetet på Broadway, skriv CNN.
Ifølgje politi kanalen har prata med, er om lag halvparten av dei som har barrikadert seg inne på universitetet, ikkje tilknytt skulen.
Ein talsperson for politiet seier at dei ikkje har noko konkret plan om når dei skal gå inn på skulen.
– Me er i kontinuerleg dialog med leiinga på universitetet. Me har ikkje fått noko tidspunkt å forhalde oss til, men me er her, klare for å hjelpe til om dei ber om det, sa politimeister Edward Caban.
Barrikaderer seg som i 1968
Studentane har barrikadert seg i Hamilton Hall, som husar delar av administrasjonen.
Mellom anna er kontoret til leiaren for Columbia College der, og dei fleste av humaniora-klasseromma til universitetet.
Bygget er no døypt om til Hind's Hall, skriv studentkoalisjonen Columbia University Apartheid Divest i ei pressemelding.
Det er til minne om Hind Rajab, ein 6-åring som ringde og bad om hjelp frå ein bil fylt med døde familiemedlemmar. Ho vart seinare funnen død i bilen i Gaza by.
Hamilton Hall har vore heim for studentprotestar tidlegare, mellom anna under dei store studentopprøra i 1968, ifølge New York Times.
Universitetsleiinga ber studentar halda seg vekke frå Hamilton Hall og området Morningside. Men studentane der held fram med å bu i teltleirane på campus.
«Thank you American students»
I ein teltleir fleire tusen kilometer unna – i Rafah, sør på Gazastripa – oppmodar 15 år gamle Imarat Alkafarah studentane på Columbia til å fortsetta protestane.
– Det dei gjer har stor innverknad på våpenkvila i Gaza.
Ho drøymde om å bli lege. Men sju månadar med israelske angrep har sett ein stoppar for undervisninga, fortel ho.
– Eg håpar skular i verda held fram med å demonstrera slik at me òg kan gå på skule og fortsetta draumane våre.
Imarat trur studentane føler med henne og dei andre palestinarane på Gaza, fordi dei også bur i teltleir. Men dei har det kanskje kaldt, medan ho har det varmt, legg ho til.
Tafkir Hamad seier han får ei fin kjensle av å sjå at studentane står opp for folket hans. Han håpar dei held fram protestane, og seier han gjerne skulle takka dei på ein annan måte.
– Men fordi veggane våre og husa våre er øydelagde, har me ikkje noko anna å skriva på enn telta.
Publisert 01.05.2024, kl. 03.24