Palestinsk lege døde i israelsk fengsel: – Eg blei heilt slått ut, seier norsk legekollega

5 months ago 83


Torsdag førre veke meldte The Commission for Prisoners and Ex-Prisoners Affairs og The Palestinian Prisoners’ Club at to fangar døydde i fengsel i Israel, melder Reuters.

Ein av dei var legen Adnan Al-Bursh. Han var leiar og kirurg på ortopedisk avdeling på Gazas største sjukehuset, al-Shifa-sjukehuset.

Årsaka til dødsfalla er ikkje kjend.

NRK har vore i kontakt med det israelske forsvaret sidan torsdag, men har ikkje fått svar på spørsmål om al-Bursh. NRK har også sendt hendvendelse til israelske styresmakter og fengselseininga utan å få svar frå dei.

Ein talsperson for det israelske forsvaret seier til Reuters at dei tilsette ved Ofer-fengselet på Vestbreidda stadfesta at Bursh var død 19. april.

Bildet viser eit militærfartøy utanfor Ofer-militærfengsel i november 2023.

Ofer-fengselet er eit militærfengsel som ligg mellom Ramallah og Beitunia på den okkuperte Vestbreidda.

Foto: FADEL SENNA / AFP

FN sin spesialrapportør Francesca Albanese ber det diplomatiske fellesskapet om å beskytte palestinarar etter nyheita om at Bursh er død.

– Eg er ekstremt skremt av opplysninga om at den kjende kirurgen Dr. Adnan al-Bursh har døydd i israelsk fangeskap.

Al-Bursh skal ha blitt arrestert i desember medan han arbeida på al-Awda-sjukehuset, skriv CNN.

NRK intervjua Bursh 20. november i fjor. Han arbeida då på det indonesiske sjukehuset på Gazastripa.

– Du kan ikkje førestille deg det. Det er død overalt. Det luktar død overalt.

Det fortalde Bursh i telefonen til NRK under eit angrep på sjukehuset.

Geir Stray Andersen under ein operasjon saman med Dr.Adnan al-Bursh.

Geir Stray Andreassen (t.v) under ein operasjon saman med Adnan al-Bursh.

– Ein nær ven

– Eg blei heilt slått ut då eg fekk nyheita.

Ikkje mange dagane etter dette det blei stille frå han, fortel Norwac-lege Geir Stray Andreassen. Han var jamleg i kontakt med kollegaen sin på krigsstripa.

– Adnan har eg kjent i ti år. Eg har arbeida saman med han. Operert med han, og hatt jamleg kontakt med han.

Andreassen er ein av dei norske legane som har vore i Gaza periodevis sidan 7. oktober. Også fleire gonger tidlegare har den norske legen arbeida på Gazastripa.

Han blei heilt slått ut då han høyrde nyheita om at Bursh var død.

– Vi var gode vener. Det er som å miste ein ven.

Tilbake i 2014 trefte Andreassen Bursh for første gang. Han var då ein av tre personar som han arbeida tett med på al-Shifa-sjukehuset.

– Han var flink, kunnskapsrik, veldig sosial og omgjengeleg. Veldig hyggeleg å vere saman med og alltid i godt humør.

– Han hadde stor familie, og han hadde nyleg bygd seg eit hus. Alt låg til rette for at dette skulle gå bra, seier Norwac-legen.

Eit av Norwac-teama som har vore inne i Gaza.

NORWAC – Norwegian Aid Committee har hatt fleire legeteam inne i på Gazastripa sidan 7. oktober. Her er Norwac-teamet som var inne i nord-Gaza i april. Geir Stray Andreassen til venstre.

Foto: Al Awda / privat

Andreassen fortel at dei begge var veldig interessert i idrettsskadar, og dei prata mykje om fotball.

– Han var lege for det palestinske landslaget, og eg har jo sjølv vore lege for U21:

– Det høyrest kanskje rart ut at ein lege i Gaza er interessert i idrettsskadar. Det skulle truleg vore berre krigsskadde der nede.

Viste støtte til terroråtak

Det var altså i overgangen mellom november og desember Bursh blei arrestert. Ifølge talspersonen for dei israelske styresmaktene blei legen arrestert for «national security reasons», skriv Reuters.

I etterkant av intervjuet i november blei NRK oppmerksam på at Bursh viste støtte til Hamas sitt terroråtak på Israel 7. oktober i sosiale medium.

Då NRK spurde Bursh om det indonesiske sjukehuset blei brukt som kommandosentral for Hamas, slik Israel hevda, svara Bursh:

– Dersom Hamas var her, hadde ikkje eg vore her.

– Vi diskuterte ikkje politikk, berre medisin og fotball, seier Andreassen.

I november blei Bursh intervjua i kraft av at han var lege på eit sjukehus som blei angripe.

I denne saka blir han omtala i kraft av at Bursh var helsepersonell i eit krigsområde.

Israel har sidan terroråtalet 7. oktober hevda at Hamas bruker sjukehus og helsefasilitetar som kommandosentralar, og at det er derfor dei er til stades. Dette har Hamas heile tida nekta for.

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 7.5.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallet for antall drepte i Palestina er tall for Gaza. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. Ifølge tall som ble publisert 3. april av israelske myndigheter, har 260 israelske soldater blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Ein lege står å ser på lika som er langt fram for å bli identifiserte etter dei blei funnen i ei massegrav ved Nasser-sjukehuset 25.april.

Ein lege står nære fleire lik som blei funnen i ei massegrav i nærleiken av Nasser-sjukehuset 25. april i år.

Foto: - / AFP

118 helsearbeidarar i fengsel

Andreassen kom tilbake frå Gazastripa for nokre veker sidan.

– Det var veldig vanskeleg. På sjukehuset var det dårleg utstyr. I nord var det mykje mindre mat enn i sør.

– Sjukehus skal blir respektert og beskytta, fordi deira funksjon for befolkninga er så viktig. På sjukehus skal helsepersonell redde liv. Sjukehusa skal ikkje vere ei militær slagmark, sa Anne Bergh, generalsekretær i Røde Kors, tidlegare i april.

Sidan konflikten mellom Israel og Palestina eskalerte etter åtaket 7. oktober har fleire sjukehus blitt sett ute av drift etter militære angrep.

I april tok det israelske forsvaret (IDF) seg ut av Gazas største sjukehus, Shifa-sjukehuset, etter fleire veker med kamphandlingar der.

Sjukehuset såg då ut som ei øydemark. Lika låg strødd i ruinane.

MDaec5VKYlw
Flyktningar har samla seg utanfor Shifa-sjukehuset i Gaza by

Al-Shifasykehuset før og etter åtaket

Israel hevda sjølv dei drap 200 terroristar på staden, og beslagla våpen og dokument. Dei kalla det ein vellykka operasjon.

Dei palestinske helsestyresmaktene sa at 170 personar var sperra inne i sjukehuset utan mat og drikke medan Israel angreip sjukehuset.

Ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO) si siste oppdatering frå 20. april er 11 av 36 sjukehus delvis operative på Gazastripa.

Dei seier også at 723 helsearbeidarar er drepne i åtak og 924 helsearbeidarar er skada i åtak sidan 7. oktober.

118 helsearbeidarar er arrestert eller sett i fengsel.

Publisert 07.05.2024, kl. 13.59

Read Entire Article