– Ein akademisk boikott vil sikre at UiO ikkje er medskuldig i brot på folkeretten, og det FN-domstolen omtalar som eit plausibelt folkemord.
Det seier leiar Elisabeth Hoksmo Olsen i Studentparlamentet på Universitetet i Oslo.
Ho ønskjer at UiO skal avslutte all samarbeid med israelske universitet, det stiller heile Studentparlamentet seg bak.
Ein rekke studentorganisasjonar demonstrerte før styremøte til UiO på tysdag, mellom anna Studentparlamentet.
Den siste tida har studentar ved fleire land, mellom anna i USA demonstrert og sette opp telt på universitetsområde. Dei krev å avslutte samarbeid med Israel.
Desse protestane har òg spreidd seg til Noreg.
Tysdag morgon vart det sete opp demonstrasjonsleir på campus ved NTNU i Trondheim, der dei krev at universitetet kuttar bindingar til Israel.
Også ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø, Universitetet i Sørøst-Noreg og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet demonstrerer studentane mot samarbeid med Israel.
Akademisk fridom for kven?
Kort forklart inneber akademisk boikott å bryte alle formelle samarbeidsavtaler med utdanningsinstitusjonar i eit bestemt land. I dette tilfellet – Israel.
Hoksmo Olsen meiner det er dokumentert at israelske universitet er aktive bidragsytarar i israelsk krigføring og okkupasjon.
Dette skjer gjennom utvikling av teknologi og våpen, i tillegg til støtte av krigføringa til Israel, seier 25-åringen.
Ho presiserer likevel at ein boikott ikkje hindrar samarbeid mellom forskarar i Noreg og Israel.
Lektorstudenten er bekymra for den akademiske fridomen til studentar og tilsette i Gaza og Vestbredden.
Vil stengje ei dør
Hallvard Misje, ein annan student ved UiO, er ikkje samd med Studentparlamentet.
– Universiteta må så langt det lèt seg gjere, halde oppe gode samband for å oppnå føremålet om formidling av kunnskap, seier spanskstudenten.
Han peiker på at studentar og tilsette kan velje kven dei vil samarbeide med.
– Ein akademisk boikott kan stengje dører som kan vere vanskelege å opne att. Det kan hindre framtidig forsking og utvikling, seier 22-åringen.
Han fryktar at ein akademisk boikott kan ende opp som symbolpolitikk.
Dei tilsette ved universiteta er òg usamde om kva som er rett for UiO.
– Vi gjer meir skade ved å samarbeide
Professor i utdanningsforsking ved Oslo Met, Hege Hermansen, ønskjer at Universitet i Oslo der ho òg er tilsett, skal følgje døme til Oslo Met og fryse samarbeidet.
– Det er ikkje forsvarleg å ha samarbeid med universitet som aktivt støttar opp om det FN-domstolen beskriv som eit plausibelt folkemord.
Hermansen viser til dei forskingsetiske prinsippa som seier at ein ikkje skal påføre andre skade.
– Vi gjer meir skade ved å samarbeide enn vi gjer gjennom å avstå frå samarbeid, seier ho.
Hermansen trekkjer parallellar til boikotten av Sør-Afrika på 1990-talet.
– Det er brei semje om at sanksjonar var eit viktig verkemiddel for å få slutt på den sørafrikanske apartheidstaten. Det er mange grunnar til å tru at boikott av Israel vil spele ein tilsvarande rolle.
Israel har tidlegare sagt at skuldingane om folkemord er grunnlause.
Problematisk å avslutte samarbeid
Hans Petter Graver, jusprofessor ved Universitetet i Oslo, er usamd med kollega Hermansen.
Han er ein av akademikarane som har engasjert seg mot akademisk boikott på UiO.
Graver meiner det er viktig å samarbeide med kollegaer i andre land.
– Boikott er eit problematisk verkemiddel sett ut frå prinsipp og ideal om akademisk fridom, seier professoren.
Han meiner at forskingssamarbeid krev støtte og midlar frå institusjonar, difor hald det ikkje at universiteta seier at forskarane kan velje sjølv.
Graver trekkjer fram at han var usamd òg då regjeringa stansa forsking- og utdanningssamarbeidet med Russland i 2022.
– Allereie då tok eg til ordet for at vi burde forsvare og solidarisere oss med kollegaer i Russland, seier han.
Tema på styremøte ved UiO
Akademisk boikott har vore tema på fleire av styremøta til norske universitet.
Særleg ved det nest største universitetet i landet, har tematikken skapa stor strid.
Både studentar og tilsette NRK har snakka med meiner det tidlegare har vore lagt lokk på debatten.
Svein Stølen, rektor ved UiO er usamd.
– Denne saka har vorte mykje diskutert i mange ulike kanalar og på arrangement ved og rundt UiO.
Publisert 14.05.2024, kl. 18.21 Oppdatert 14.05.2024, kl. 18.54