OneWhale og Noah meiner Hvaldimir er skoten

1 month ago 13


4. september 2024 kl. 10:38

I ei pressemelding opplyser organisasjonane OneWhale og Noha at dei er i ferd med å levera inn ei melding til politiet i samanheng med Hvaldimir sin død.

Dei meiner kvalen er skoten og drepen.

Førebels har Sør-Vest politidistrikt ikkje registrert saker som handlar om Hvaldimir, det stadfestar dei til NRK onsdag føremiddag.

Kvalen blei funnen død utanfor Tananger i Rogaland laurdag. Den kjende kvitkvalen hadde runde hol i kroppen. Desse meiner organisasjonane kjem frå kuler.

Veterinærinstituttet opplyser onsdag til NRK at obduksjonsrapporten framleis ikkje er klar.

– Vi har ingen kommentar når det kjem til meldinga frå OneWhale og Noah. Vi kjem til å kontakta politiet viss vi finn noko i løpet av obduksjonen, som gir grunnlag for det. Vi har hatt ein dialog med politiet, seier Asle Haukaas, kommunikasjonsdirektør ved Veterinærinstituttet.

Read Entire Article