NRK har tidlegare skrive om Benedikte Fjellheim i Narvik som ikkje fekk fortsette på sjukepleiarstudiet fordi ho knakk foten.
Fjellheim knakk foten midt i andre praksis og må no vente til neste år før ho får fortsette.
Sjølv meiner ho at ho kunne fullført praksisen sjølv om ho gjekk med krykker, og kom med fleire forslag til løysingar for at ho skulle sleppe å vente eit år med å fortsette studia.
Likevel sa universitetet nei.
Dei peikte på at det er EU-direktiv og nasjonale reglar som gjer at det må vere slik.
Men den 21 år gamle sjukepleiarstudenten meiner det ikkje stemmer.
– Eg føler meg ikkje sett. Alle kriser er ikkje like. Eg synest dei er ganske firkanta og ikkje veldig tøyelege, seier Benedikte Fjellheim.
Ho synest studieplassen skulle sett hennar situasjon betre.
– Eg har fått høyre at andre universitet legg til rette for studentar som meg.
Så kven har rett? Er det eit regelverk som gjer alle utdanningane like, eller er det forskjellig handtering av reglane ulike stader?
Universiteta
Det er 13 utdanningsinstitusjonar i Noreg som har sjukepleiarutdanning.
NRK har spurt dei om dei har andre rutinar for å leggje til rette praksis enn UiT.
NRK har ikkje fått svar frå alle, men UiA, Nord Universitet, Høgskulen i Molde og NTNU svarar at dei ville gjort ting annleis:
Universitetet i Søraust-Noreg (USN) og Oslo Met skriv at dei ville løyst det på same måte som UiT.
Alle studiestadene seier at praksisemna har læringsutbyte som studentane må vere i stand til å oppnå. Det handlar om hygieniske prinsipp og vareta pasientsikkerheit.
– Men kvifor blir det praktisert ulikt på dei ulike studiestadene?
Helsevitenskapelig fakultet på UiS skriv at sjølv om det er ein internasjonal standar for sjukepleiarutdanninga, har dei ulike institusjonane ulik organisering og ulik rekkefølge på praksisperiodane.
– Vår erfaring er at det oftare er dei moglegheitene vi har samen med praksisstadane som avgrensar kva som er mogleg, enn at det er dei nasjonale retningslinjene som står i vegen, skriv Dag Tomas Sagen Johannesen, instituttleiar for helse- og sjukepleievitskap ved UiA.
Kunnskapsdepartementet: – Simulering kan bli løysinga
Mens studieinstitusjonane ikkje er heilt samstemte, er statssekretær Ivar B. Prestbakmo i Kunnskapsdepartementet svært tydeleg om kva regjeringa forventar.
Han skriv i ein e-post til NRK at studentar med funksjonsnedsetting og studentar med særskilde behov har rett til individuell tilrettelegging på studia.
Dette gjeld også studentar med større mellombelse utfordringar, slik som Benedikte.
– Vi forventar at institusjonane jobbar aktivt for å sikre likeverdige opplærings- og utdanningsmoglegheiter for personar med funksjonsnedsetting og særskilde behov.
Prestbakmo skriv at dei har jamleg dialog med andre land om problemstillingar knytt til EUs yrkeskvalifikasjonsdirektiv.
– Dette gjeld til dømes om auka bruk av simulering i helseutdanninga kan gjere det enklare å gjennomføre praksis utan å nødvendigvis vere fysisk til stades på ein praksisplass.
UiT har 900 sjukepleiarstudentar
Laila Arnesdatter Hopstock, instituttleiar for helse- og omsorgsfag ved UiT, der Fjellheim studerte, fortel at EU-direktivet gir føringar på kor mange veker ein sjukepleiarstudenten skal vere i praksis. Det kan ikkje studiestaden gjere noko med.
– Kvar praksisperiode er lagt opp som eit løp med samarbeid mellom praksisstad og undervisningsstad, seier Hopstock.
Det gjer at det er vanskeleg for dei å leggje praksis i ein annan periode i den som er sett opp på studiet. UiT har 900 sjukepleiarstudentar og praksis blir planlagt lang tid i førevegen.
– Det er ein stor logistikk rundt tilgang til praksisplassar, og planlegging av praksisstudiane i samarbeidet med praksisfeltet blir gjort lang tid i førevegen for sjølve praksisperioden, seier instituttleiaren.
Trur tilrettelegging kan ha samanheng med fråfall
Kåre Rønn Richardsen, prodekan for utdanning på Fakultet for helsevitskap på Oslo Met, fortel at dei heller ikkje hadde fått til tilfredsstillande tilrettelegging for ein student med knekt fot.
– Dette er fordi mange av læringsinstitusjonane krev at du beveger deg og har to armar til gjeremål samstundes.
Det heng også saman med at 50 prosent av utdanninga går føre seg i praksis. Det kan difor by på problem å leggje til rette slik at studentar som opplever noko uføresett kan fullføre på normert tid.
– Årsaka er mellom anna at nye studentar skal overta plassen i neste praksisperiode.
Richardsen trur det kan vere samanheng mellom graden av moglegheiter for tilrettelegging og fråfall.
– Kanskje særleg for studentar med småbarn og personar med nedsett arbeidsfunksjon som opplever at rammene i praksis blir umogleg å kombinere med livssituasjonen og arbeidsfunksjon.
Fjellheim i Narvik kjem no til å jobbe eit år, før ho held fram med studiene. Ho kjem ikkje til å falle frå. Men ho er eining med Richarsen i at det kunne vore mindre fråfall om studiet var meir tilrettelagt.
– Dei gjer det forskjellig overalt. Då blir det berre eit sjansespill om du har valt den rette studiestaden når krisen inntreffer.
Publisert 06.05.2024, kl. 06.03