Ny FN-rapport: Aldri målt varmare hav enn i 2023

4 months ago 62


Det står dårleg til med verdshava.

Det er hovudbeskjeden frå FNs organ for havforsking og havforvaltning, IOC-Unesco.

Havet vert hardt ramma av både global oppvarming og forureining, slår dei fast i den ferske statusrapporten sin for havet, State of the Ocean 2024.

Blant anna har det aldri blitt målt høgare temperaturar i havet enn i 2023.

– Mens temperaturane i atmosfæren går opp og ned, vert havet stadig varmare, som ein kjele med vatn på komfyren, heiter det i rapporten.

Han føyer seg dermed inn i ei rekke varsku om rekordhete i havet dei siste åra.

Òg i 2024 har havet vore svært varmt. Februar hadde dei høgaste havtemperaturane nokosinne målt av Copernicus, klimaovervakingstenesta til EU og Det europeiske romfartsprogrammet (ESA).

Vert varma opp raskare

Rapporten konkluderer også at oppvarminga av havet går dobbelt så raskt som for 20 år sidan.

– Med tanke på oppvarmingsfart var 2023 eit av dei verste åra sidan 1950-talet, spesielt i Middelhavet og i Sørishavet, heiter det i oppsummeringa av rapporten.

Havet tar opp 90 prosent av den overflødige varmen vi skaper.

Great Barrier Reef utenfor Australias kyst

Korallane i Great Barrier Reef utanfor Australia er ramma av bleking, som er ein konsekvens av varmare hav.

Foto: David Gray / AFP

I Parisavtalen vart landa i verda einige om å stoppe oppvarminga av kloden på 2 grader, og aller helst 1,5 grader, for å unngå dei verste konsekvensane av klimaendringane.

I havet har temperaturane allereie auka med 1,45 grader i snitt.

I nokre område, som i Middelhavet, har auken allereie bikka 2 grader.

Høgare havnivå

Varmare hav fører òg til eit anna problem: høgare havnivå.

Ifølgje rapporten har auka i havtemperaturane skylda for 40 prosent av auka i havnivå.

Når vatn frys til is, tar det nemleg mindre plass. Når høgare temperaturar smeltar havis, betyr det òg at vatnet tar meir plass.

Havnivået har auka med 9 centimeter dei siste 30 åra. Auken har dessutan dobla seg i same periode.

Publisert 03.06.2024, kl. 13.00

Read Entire Article