NRK erfarer: Einige om sluttavtale for Stöckl

4 months ago 41


Seinast i starten av mai varsla Alexander Stöckl eit søksmål mot sin arbeidsgjevar Noregs Skiforbund.

Men no er altså konflikten løyst slik NRK forstår det, og partane er einige om ei sluttavtale for den no tidlegare landslagstrenaren.

NRK har forsøkt å få ein kommentar frå Alexander Stöckl, men han ynskjer ikkje uttale seg om saka.

– På tide

NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen er glad for at partane no har kome til einigheit. Han meiner det var på tide med tanke på at VM i Trondheim ligg rett framfor landslaget.

– Jo før jo betre, i mine auge. No handlar det om å få dei norske hopparane best mogleg før VM på heimebane, og der har dei dårleg tid. Så da er eg letta over at dei no kan kome seg vidare og sjå framover og ikkje krangle meir, seier Evensen.

– Kor mykje skade har denne konflikten gjort?

– Det har nok definitivt vore for mykje bråk rundt hopp og Skiforbundet den siste tida, som heilt sikkert gjer at dei ikkje er det mest attraktive sponsorobjektet akkurat no. Det tek tid å bygge opp att, og om det faktisk let seg byggje opp att da. Det vil tida vise.

NRKs ekspert Johan Remen Evensen er hyller veteranen Noriaki Kasai.

PÅ TIDE: NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen er heilt klar på at det var på tide å få løyst konflikten mellom Stöckl og Skiforbundet.

Foto: NTB

Remen Evensen er tydeleg på at det no bør leitast innanfor Noregs grenser i jakta på ein ny landslagstrenar for hopplandslaget.

– Eg trur det er mange gode kandidatar i Noreg som kan ta dette vidare. Tidlegare så var ein heilt avhengig av å hente inn kompetanse frå utlandet, både når det kom til utstyr, det tekniske og tankane rundt kva eit godt teknisk skihopp skal vere. Men no tykkjer eg at vi har kome ein lang veg når det gjeld dei tinga der her i Noreg

Konflikt sidan januar

Det var etter VM i skiflyging i Kulm i slutten av januar, at dei mannlege hopparane sende eit brev til Hoppkomiteen i Noregs Skiforbund der dei fortalde om si misnøye og kravde endringar i støtteapparatet med umiddelbar verknad.

Utøvarrepresentant Johann André Forfang skreiv i ein utsegn til NRK at det ikkje handla om resultat, men at dei ynskte å sette saman eit nytt team inn i VM-sesongen som ligg framfor dei.

Alexander Stöckl vart difor bedt om å slutte som landslagstrenar, men takka nei til forhandlingar om ei sluttavtale.

Alexander Stöckl

FERDIG: Alexander Stöckl her i Dagsnytt 18-studio der han prata om at han var sett på sidelinja.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Etter dette var ikkje Alexander Stöckl å sjå på eit einaste hopprenn med det norske landslaget, som trenar.

Stöckl har sagt at han i praksis har oppfatta seg som oppsagt av Skiforbundet – sjølv om han har teke imot løn.

Utover våren kom fleire detaljar om bråket fram, og utøvarrepresentant Forfang sa mellom anna at hopparane har kjend på at støtteapparatet ikkje lenger drog lasset saman.

Det var ikkje Stöckl einig i, da NRK prata med han om det i slutten av mars.

I starten av mai viste det seg at Stöckl hadde varsla eit søksmål mot sin arbeidsgjevar Noregs Skiforbund. Båe partar hadde skaffa seg advokatar for å jobbe med problemstillinga.

Men no skal konflikten altså ha løyst seg, og Alexander Stöckl er ferdig som landslagstrenar for dei norske hopparane.

13 år

Austerrikaren kom inn som landslagssjef for dei norske hopparane tilbake i mai 2011. Da tok han over for finske Mika Kojonkoski.

NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen meiner at Stöckl også har gjort veldig mykje bra for norsk hoppsport.

– Han kom inn som eit friskt pust etter Mika Kojonkoski. Ut ifrå det eg veit, så er han den lengstsittande landslagstrenaren i hopphistoria. Eg har ikkje funne nokon i nyare tid som har vore landslagstrenar lenger enn det han har vore.

JWrRIQ6C15Y

HOPPVEKEVINNAR: Halvor Egner Granerud vann hoppveka sesongen 2022/23 med Stöckl som trenar.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Han har gjort mykje bra, og hatt mykje gode resultat. Vi har i fleire år sakna einaren, men etter kvart fekk vi Halvor Egner Granerud, så det klarte han. Han klarte å vinne hoppveka. Han klarte å «checke» av fleire av dei boksane som vi har sakna i norsk hoppsport. Så det fortener han all ære for.

Satte norgesrekord i går - tror dette er hemmeligheten 01:04

Publisert 24.05.2024, kl. 14.27

Read Entire Article