Noreg anerkjenner Palestina

4 months ago 35


Ifølge kjelder i regjeringen vil Noreg i dag anerkjenne Palestina som stat.

Det er venta at utanriksminister Espen Barth Eide og statsminister Jonas Gahr Støre vil offentleggjere det på ein varsla pressekonferanse onsdag morgon.

Å anerkjenne Palestina har i lang tid vore førespegla.

Palestina har hatt eit eige konsulat i Noreg sidan 2011, det finst allereie diplomatiske bindingar, norske styresmakter har begynt å bruke «Palestina» i omtale av dei palestinske områda og tidlegare i mai stemte Noreg ja for palestinsk medlemskap i FN.

Eide har ved fleire anledningar sagt at ei anerkjenning er nært kommande, men at ho må skje i koordinasjon med andre land. Også Spania, Slovenia og Irland har annonsert at dei vil anerkjenne Palestina som stat innan kort tid.

Irske medium skriv at også Irland er venta å annonsere ei anerkjenning i dag. Statsminister Simon Harris møtte Spanias statsminister Pedro Sanchez i april, det same gjorde Støre, og truleg vil også Spania anerkjenne Spania innan kort tid.

Publisert 22.05.2024, kl. 07.05

Read Entire Article