No er det kritisk for insekta: Ann Katrin lar plenen vekse

4 months ago 32


– Her blir det summing og fullt av liv, seier Ann Katrin Jantsch og viser fram det eine hjørnet av hagen ho er i full gang med å sette i stand til våren.

I år som i fjor lar ho plenen vekse slik den sjølv vil i mai.

– Plenen vår skal få stå i fred til uti juni slik at pollinatorane har noko å ete.

Emneknaggen #NoMowMay oppfordrar hageeigare til å la grasklipparen stå og la hagen vekse som den vil i mai.

På Instagram har nesten femti tusen lagt ut bilete av plenen sin som dei lar gro.

Slik skal dei gi humla og andre insekt betre sjansar for å overleve.

Ann Katrin Jantsch i hagen sin

Ann Kristin Jantsch gleder seg til hagen blir full av summing frå humler og andre insekt igjen.

Foto: Henning Levold / NRK

Naturtap truer humla

– Arealtap er den klart største trusselen for humler, fortel Frode Ødegaard. Han er førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseet.

Humlene er heilt avhengige av blomar for å finne pollen å ete. Ødegaard trur emneknaggen kan bidra til å rette fokus på korleis ein kan ta vare på insekta.

– Nedbygging av natur har enorm betydning for tap av biologisk mangfald og er utan tvil den største grunnen til at mange arter er trua.

Ifølge Artsdatabanken er 31 prosent av humleartene i Noreg rødlista.

Humle

Nedbygging av natur er den største trusselen mot humlene. Dei er avhengige av pollen frå blomar.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Våren er kritisk

Ødegaard seier at tiltak som å la plenen gro heile mai vil hjelpe insekta.

– Det er ein kritisk periode for insekta no på våren.

Han fortel at humlene bygger bol og feiter seg opp på denne tida av året. Da er dei heilt avhengige av mykje nektar frå blomar.

Dersom ein lar grasklipparen stå skal det ikkje mange vekene til før det heller kjem små blomar opp av jorda.

– Eit rikt mangfald av blomar er maten til humlene og til stor hjelp for dei, seier Ødegaard.

Ann Katrin Jantsch sin hage i fjor

Slik så Jantsch sin hage ut i fjor. Det gav mange humler på besøk.

Foto: Henning Levold / NRK

– Plenen er ein grøn ørken

Emneknaggen #NoMowMay kjem opphaveleg frå Storbritannia og naturvernorganisasjonen Plantlife.

Også i Noreg er det dei siste åra blitt interesse for problemet med insektsdaud.

– Eg vil absolutt seie det er ein auke i interesse. Insektsdaud og tiltak for å bremse det har kome på dagsordenen, seier Sondre Brekkhus i La humla suse.

Organisasjonen arbeider for å ta vare på humlene i Noreg. Brekkhus trur fleire vil kunne ha glede av å la grasklipparen stå.

– Det er utruleg kor mykje som spirer og veks om ein gir det ein sjanse. Mange har nok aldri sett kva for planter og blomar som kjem på plenen om ein lar grasklipparen stå.

Med ein villare hage vil ein også kunne tiltrekke seg eit rikare insektliv.

Det er heilt fantastisk kor sterkt inntrykk det gir! Det er veldig mange som aldri har stått i ei tradisjonell norsk slåtteeng med norske villblomster. Å høyre all summinga og livet gjer sterkt inntrykk.

– Plenen er ein grøn ørken samanlikna med det, seier Brekkhus.

Skal du klippe plenen i mai?

Enkelt ikkje å gjere noko

Ann Kristine Jantsch trur fleire kan la seg freiste til å la plenen vekse fritt i vår.

– Folk ser jo over gjerdet til naboen og lurer på kva som skjer. Kanskje ser dei at ein «villare» plen også er veldig flott.

Ho fortel at ho får mange komplement for hagen sin, sjølv om den ikkje er like strigla som mange kanskje tenkjer hagar burde vere.

– Før var idealet at graset skulle vere kortklipt og hagen skulle vere pen og strigla. Det trur eg er i ferd med å endre seg.

– Dessutan kjenner eg ikkje mange som synest det er så moro å klippe graset. Å la grasklipparen stå er eit veldig enkelt tiltak å gjere for humlene.

Hagen til Ann Katrin Jantsch

I tillegg til å la plenen vekse har Ann Kristin også planta mange eigne blomar.

Foto: Privat

Publisert 12.05.2024, kl. 12.48

Read Entire Article