Nils Ole Oftebro overvelda av utmerking

3 months ago 38


– Ikkje gråte nå, ikkje gråte nå, sa Nils Ole Oftebro då han såg folkemengda som omkransa den raude løparen i Haugesund sentrum laurdag ettermiddag.

Sidan 2015 har norske skodespelarar kvart år blitt heidra med granittstein i byen sin eigen «Walk of Fame» på første dag av Filmfestivalen.

I år var det Nils Ole Oftebro og Renate Reinsve sin tur.

– Eg har vunne prisar for enkelte ting eg har gjort, men aldri som dette. Ei slags verdsetting av alt eg har gjort, sa Nils Ole Oftebro, som tenkte at det sikkert ikkje var så mange som hadde møtt på grunn av plaskregnet.

Men folk stod tett i tett for å sjå Oftebro.

– Eg blei berre heilt overvelda, seier han.

Nils Ole Oftebro
Nils Ole Oftebro

Nils Ole Oftebro då han møtte folkehavet i Haugesund sentrum.

Nils Ole Oftebro på rød løper

Nils Ole Oftebro på veg ned den raude løparen. Overraska over alle som hadde møtt opp.

Nils Ole Oftebro får blomster av Leah Hauerbakk (6)

Leah Hauerbakk (6) delte ut blomar til skodespelaren. Ho syntes det var veldig kjekt og litt skummelt.

Nils Ole Oftebro, Anette Hoff

Kona Anette Hoff var også med. Eller sjefen, som Oftebro omtala henne til dei frammøtte.

Nils Ole Oftebro
Nils Ole Oftebro - stein i Walk of Fame
Jakob Oftebro - stein Walk of Fame

Jakob Oftebro blei heidra på Walk of Fame i 2016.

I godt selskap med sonen

Med seg hadde han kona og tydeleg rørte Anette Hoff.

Og rett nede i gata gjekk han over steinen til ein han kjenner ekstra godt, på veg til avdukinga av sin eigen stein.

– Det er veldig hyggeleg at sonen min ligg like borti gata, seier han.

– Kva betyr dette for deg?

– Det blir omtrent som å spørje ein skøyteløpar om han syntest det var greitt å vinne 10.000 meter. Det er fint, synest eg. Det er hyggeleg, smiler Oftebro.

Måtte lage film i staden

Renate Reinsve skulle etter planen vere i Haugesund, men på grunn av filminnspeling og endring i opptaksdagar, kunne ho ikkje komme likevel.

Ho takka via ei videohelsing.

– Eg er veldig stolt og veldig lei meg for at eg ikkje kunne vere der i dag, men tusen tusen takk, sa Reisve frå storskjermen.

Renate Reinsve - Walk of Fame

Renate Reinsve blei heidra i Haugesund. Nå har Walk of Fame 22 steinar.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Berre ein gong før har ein skodespelar vore hindra frå å komme til avdukinga. Det var i 2019 då Aksel Hennie blei kidnappa til sitt eige utdrikkingslag.

Nils Konrad Bua (H) er ordførar og medlem i komitéen som avgjer kven som skal heidrast.

Han syntest det var på tide at Oftebro kom på plass i filmbyen.

– Eg var litt overraska over at han ikkje var her allereie. Det var på høg tid. Han har vore ein del av film, TV og teater så lenge eg har levd, seier Bua.

Publisert 17.08.2024, kl. 16.44

Read Entire Article