– Eg er ikkje noko flink til å klage. Eg trur det er fordi vi kjøper så mykje billege klede, seier Trina Bjoland.
Ho er også usikker på kva rettar ho har om saumen i den nye t-skjorta ryk.
– Er det 30 dagar?
Bjoland er langt frå den einaste som ikkje har full kontroll på forbrukarrettane når det gjeld klede og sko.
For få klagar, viser både Sifo-forsking og tal frå Forbrukarrådet.
– Det er så viktig å klage. Då viser du butikkane at du forventar meir. Til slutt blir dei nøydde til å høyre på dette og produsere betre og meir haldbare klede, seier forbrukarjurist i Forbrukarrådet, Nora Wennberg Gløersen.
- Det er pengar å spare på å handle brukt, men Fretex har fått kritikk for å skru opp prisane så mykje at nytt er billegare.
Har foreslått datomerking
Til nå i år har berre 4,5 prosent av alle førespurnader til rettleiingstenesta i Forbrukarrådet handla om klede, sko og vesker.
Forbruksforskningsinstituttet SIFO har tidlegare forska på kor flinke vi er til å klage på klede og sko.
– Vi er veldig dårlege, seier forskar Ingun Grimstad Klepp og legg til:
– Det er faktisk fleire som opplever at det er feil og som ikkje klagar, enn det er folk som klagar.
Klepp har eit konkret forslag ho meiner vil gjere ein skilnad:
– Eg ønsker meg datomerking av klede. Det er eit første skritt for at forbrukarar blir engasjerte i å følge med på kor lenge kleda varer. I tillegg vil det gjere at vi blir meir merksame på dei produsentane som sel varer som faktisk held lenge, seier ho.
Vil vente på EU
Sifo har foreslått datomerking både til norske myndigheiter og til EU.
Men dette er noko ein enkelt kunne ha byrja med i Noreg utan å vente på EU, seier Klepp.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen seier det er vanskeleg for Noreg å innføre eigne krav til merking av produkt på grunn av forpliktingar til EØS-avtalen og WTO-regelverket.
– Eg er einig i at det er viktig at forbrukarar får betre informasjon om kvalitet og haldbarheit på tekstilane dei kjøper, men det viktigaste for å komme tid er å få på plass gode, felles løysingar i Europa, seier han og peiker på produktpass.
- Frankrike har innført reglar for klesbransjen utanom EU. Blant anna miljøavgift på fast fashion.
Meiner klede må bli dyrare
Ifølge miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender kjøper vi nesten dobbelt så mykje klede i dag som vi gjorde for 30 år sidan. Mykje tyder også på at kvaliteten på kleda går nedover, ifølge dei.
– Det heng saman med at vi har ein klesmodell vi kallar fast fashion. Når klede skal lagast raskt og ein skal kutte kostnader, betyr det at ein tar nokre snarvegar. For eksempel at kleda er tynnare. Det ser vi og på dei kleda vi eksporterer ut av Europa og som ikkje kan brukast på nytt fordi dei er nuppete og øydelagde, seier Anja Bakken Riise.
Men å betre kvaliteten på klede vil ikkje vere nok i seg sjølv, meiner ho.
Prisen må opp.
Frå 2015 til 2023 var klede og sko den varegruppa som auka minst i pris med 3,2 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
– Men om alle blir flinke til å klage på klede som ikkje held mål?
– Det kunne vore ein heilt fantastisk moglegheit til å påverke bransjen til å endre seg, men det må i så fall komme med eit krav frå myndigheitene som at produsentane faktisk reparerer kleda. Ikkje berre byter dei med eit nytt produkt, seier ho.
- Medan klede er billig. Er livet som fotballsupporter dyrt. Kjetil har brukt over 200.000 kroner på favorittlaget.
Positive til datomerking
NRK har vore i kontakt med fleire kleskjeder. Både Lindex, Hennes og Mauritz, Kapp Ahl og Gina Tricot seier dei tilbyr kundar å velje mellom ny vare, reparasjon eller heving av kjøp dersom eit plagg ikkje held mål.
Berre KappAhl og Lindex har svart på spørsmål om kor mange klagar dei mottar. KappAhl oppgir om lag 0,5 til 1 promille kvart år. Medan Lindex svarar at det er snakk om ein liten brøkdel.
Dette svarer kjedene om datomerking i klede:
Reuters
Hennes og Mauritz
Kan ikkje kommentere direkte om datomerking, men svarar følgande:
– Som global moteforhandlar har H&M Group eit stort ansvar. Nettopp difor transformerer vi verksemda vår mot sirkularitet, samtidig som vi sikrar at produkta varer så lenge som mogleg og blir brukt om att mange gonger. Dette er grunnen til at vi testar og investerer i nye måtar å produsere og konsumere produkt på.
NTB scanpix
Lindex
Vi ønsker velkomne alle lovkrav som på ein konkret og effektiv måte fremmar overgangen til ein sirkulær økonomi, der fokus ligg på å forlenge livet på allereie produserte produkt.
Nina Kristiin Vraa / NRK Sorlandet
KappAhl
Vi er positive til idéen om datomerking for å bidra til ei bevisstgjering i marknaden.
Ukjent
Gina Tricot
Gina Tricot viser til fleire kvalitetsrutinar, blant anna tredjepartstestar ved laboratorium, interntestar og stikkprøvekontrollar.
– Då desse rutinane er såpass veletablerte og lovstyrte, ser vi ikkje noko behov for datomerking.
Hei!
Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre ting eg burde sjekke ut? Send meg gjerne ein epost!
Har du noko på hjartet? Bruk gjerne kommentarfeltet under.
Publisert 17.08.2024, kl. 11.53