Musklane hugsar: Det lønner seg å ha trent

2 months ago 23


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

I studien trena tolv deltakarar styrketrening berre på den eine armen i den fyrste treningsperioden. (Foto: Colourbox)

– All trening du gjer, kan vere viktig sjølv om du ikkje klarer å trene heile året gjennom, seier professor Truls Raastad om ny forsking på muskelhukommelse.

Målet med denne studien var å finne ut meir om muskelhukommelse. Hugsar muskelcellene styrketreninga dei har gjort tidlegare?

Kan stoppe debatt i forskarmiljøet

Muskelminne har blitt forska på i fleire studiar på Norges idrettshøgskole (NIH). 

– Vi og andre har tidlegare vist at du får fleire cellekjernar i muskelfibrane når dei veks i storleik med styrketrening, men det har vore ein stor debatt om desse nye kjernane er permanente eller om dei forsvinn igjen når du sluttar å trene.

Truls Raastad er professor i idrettsfysiologi. (Foto. NIH)

Det seier professor ved Institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH, Truls Raastad.

Denne studien viser tydeleg at talet på kjernar held seg høgt, sjølv om storleiken på muskelfibrane går tilbake til utgangspunktet etter 16 veker utan trening. 

Det betyr at muskelfibrane kan ha større kapasitet til å respondere på ein ny periode med trening og dermed gi grunnlag for eit muskelminne.

Trena ein arm i ti veker

Tolv personar som ikkje hadde drive med regelmessig styrketrening på overkropp, var med på studien. Dei var unge kvinner og menn som dreiv med andre typar trening enn styrke.

Dei trena ein arm i 10 veker slik at dei raske muskelfibrane ble cirka 30 prosent større og fekk 30 prosent fleire kjernar. Deretter tok dei ein pause på 16 veker. 

Etter pause trena dei begge armane i ti veker. Forskarane tok prøver av musklane før og etter treninga og analyserte prøvene.

Muskelgruppa på NIH jobbar med forsking og undervisning om muskulære tilpasningar til trening. (Foto: Colourbox)

Det var ein viktig grunn for at forskarane valde å sjå på akkurat biceps-muskelen.

– Biceps-muskelen brukar du ikkje like mykje i dagleglivet, som for eksempel beinmusklane. Derfor får du ein mykje større detreningseffekt i pausen frå trening, forklarer Raastad.

All styrketrening hjelper

Kva viste funna?

– Me såg som forventa at det blei fleire kjernar i muskelcellene under den fyrste treningsperioden. Det viktigaste funnet i denne studien var at sjølv om musklane blei mindre under pausen, var talet på cellekjernar det same. Dette betyr at musklane «hugsa» at dei hadde trena før og har større kapasitet til å respondere på ein ny runde med trening.

Forskarane såg også at uttrykket av tre genar framleis var endra i musklane etter 16 veker utan trening. 

– Dette kan tyde på at musklane også hadde eit epigenetisk minne av den tidlegare treninga, og det kan også bidra til betre treningsrespons ved seinare trening.

Epigenetikk er informasjon knytt til genane våre som er med på å bestemme korleis genane slåast av og på i cellene.

Når deltakarane begynte å trene igjen, trena dei begge armane. Da blei musklane i armen som hadde trena før, litt større enn i den andre armen. 

Deltakarane auka talet på muskelcellekjernar med 15 prosent i gjennomsnitt i den siste treningsperioden. (Foto: Colourbox)

Men dei blei ikkje større enn kva forskarane hadde forventa. 

– Noko overraskande såg vi at i den andre treningsperioden så heldt auken i muskelcellekjernar fram sjølv om muskelfibrane nå berre blei like store som det dei blei etter den fyrste treningsperioden. Deltakarane auka talet på kjernar med ytterlegare 15 prosent i gjennomsnitt, fortel Raastad.

10 veker med god trening kan vere ei god investering

Han meiner at funna tyder på at all styrketrening hjelper så lenge ho over ein periode har ført til muskelvekst. Det er ikkje nødvendigvis synlege musklar, men auke av muskelcellekjernar.

Sjølv om ein ikkje klarer å trene styrke og halde muskelmassen ved like gjennom heile året, er det langt frå bortkasta om du får det til i eit par månader.

– Eit veldig interessant funn i denne studien var at du kan «booste» effekten av muskelcellekjernar meir enn me hadde trudd. Om du kvart år får til ti veker med god trening, kan det vere ei veldig god investering. Det er viktig å hugse på at det må vere kvalitet på treninga og at ho varer lenge nok til at du får muskelvekst, seier Raastad.

Referanse:

Kristoffer Toldnes Cumming, Truls Raastad mfl.: Muscle memory in humans: evidence for myonuclear permanence and long-term transcriptional regulation after strength training. The Journal of Physiology, 2024. Doi.org/10.1113/JP285675

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article