– Vi må erkjenne at idretten er ein risikoarena for overgrep

1 month ago 22


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

1 av 20 barn har blitt utsett for seksuelle overgrep i Noreg. Vi veit at dette også skjer på idrettsarenaer rundt om i landet. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)

Forskarar har undersøkt kor godt eit kurs om seksuelle overgrep i idretten har fungert. Redd Barna  er bekymra for at kurset ikkje har nådd godt nok ut til klubbane.

1 av 20 barn har blitt utsett for seksuelle overgrep i Noreg, og vi veit at overgrep og vald skjer på idrettsarenaer rundt om i landet.

Etter initiativ frå klubbar utvikla derfor Redd Barna eit kurs for å gje meir kunnskap til vaksne i idretten. Det gjorde dei saman med Nok. Bergen, som er eit hjelpetilbod til alle som har vore utsett for seksuelle overgrep og dei pårørande deira.

– Eit viktig tiltak er at dei vaksne må få kunnskap om kva vald og overgrep er. Dei må vite kva dei kan gjere for å førebygge. Trygge vaksne gir også trygge barn, seier Monica Sydgård, leiar for Redd Barnas Norgesprogram. 

For få har tatt kurset 

For tre år sidan var kurset Trygg på trening i gang. Heile vegen har forskarar frå Forskingssenter for barne- og ungdomsidrett fylgd prosjektet.

Målet var at objektive forskarar skulle sjå prosjektet utanfrå. Dei skulle evaluere om kurset når måla dei har sett seg. 

Forskargruppa har gjort deltakande observasjon og fokusgruppeintervju. Dei har intervjua både kursdeltakarar, kurshaldarar, ansvarlege i særforbund, Norges idrettsforbund (NIF), idrettskrinsar og Redd Barna.

Nyleg var det tid for å konkludere på Redd Barna-huset på Løren i Oslo.

– Fleirtalet av kursdeltakarane har fått ny kunnskap som dei ikkje har vore bevisste på før. Likevel tvilar dei på at dei har fått meir handlingskompetanse, fortel forskar Hanne Sogn på framlegginga av rapporten.

Hanne Sogn under presentasjonen

– Vi etterlyser at Norges idrettsforbund tar eit overordna ansvar. Også særforbund og idrettskretsar må sjå si rolle i dette, seier forskar Hanne Sogn. (Foto: NIH)

Det positive er at kursdeltakarane er nøgde med innhaldet og har fått ny kunnskap. Dei meiner det viktigaste er at temaet faktisk blir sett på agendaen. 

På den andre sida ser forskarane at det er for få som har fått moglegheita til å ta kurset.

Planen var at klubbane skulle få tilgang til kursmateriell og sjølv halde kurset for dei andre tilsette og frivillige i klubben.

Det har ikkje skjedd.

– Det har vore ei utfordring med å engasjere klubbane. Vi etterlyser at Norges idrettsforbund tar eit overordna ansvar. Også særforbund og idrettskretsar må sjå si rolle i dette, seier Sogn.

Berre 11 av 55 særforbund 

Det er berre 11 av 55 særforbund som har vore involvert.

Forskarane såg også at NIF tok lite ansvar for å spreie informasjon i startfasen. Det var dessutan få ressursar som var sett av til prosjektet.

Det kan ha fått konsekvensar for korleis kurset har verka på klubbnivå. Til trass for dette, fortalte klubbane som har vore involvert, at kurset var svært nyttig.

Både innhald og struktur fekk toppkarakter. 

Kvinne med mikrofon på presentasjon

Else-Marthe Sørlie Lybekk, assisterande generalsekretær i NIF, lovar at dei skal ta på seg kapteinsansvar. (Foto: NIH)

Anbefaler å føre kurset vidare

I den ferske rapporten kjem forskarane med ei rekkje anbefalingar til idretten og til Redd Barna, som står bak kurset, for å nå ut til fleire med den viktige kunnskapen framover.

– Vi anbefaler å føre kurset vidare basert på tilbakemeldingane vi har fått frå aktørane. Temaet må på agendaen til trass for at klubbane påpeikar at dei manglar tid. Det verkar som om prosjektet har sett i gang nokre prosessar i NIF og i idretten generelt. Det gjer dei meir bevisste på problemstillinga, seier Sogn.

Forskargruppa tilrår også at Redd Barna held fram med å vere til stades i idretten og påverke til at det blir halde fleire kurs. Dei meiner at ein moglegheit kan vere å legge kurset inn i allereie etablerte utdanningsløp i idretten, som trenarattesten.

Må ikkje vere naive 

Monica Sydgård i Redd Barna er glad for å høyre at idretten har fått meir kunnskap og blitt meir bevisste.

– Det er litt av bakgrunnen for at vi sette i gang prosjektet. Vi veit at meir kompetanse om vald og overgrep blant vaksne kan vere med og førebygge, seier Sydgård.

Samtidig er ho bekymra over at kurset ikkje har nådd tilstrekkeleg ut i klubbane. 

– Det er vondt å seie det, men vi må erkjenne at idretten er ein risikoarena. Dei som gjer overgrep mot barn, søkjer seg til plassar der dei får tilgang på barn. Vi må ha tillit, men vi kan ikkje vere naive. Vi må tenkje annleis om tryggleik, seier Sydgård.

Ho håpar idretten vil ta dette vidare, jobbe med å inkludere kurset i trenarattesten og lage eit register over kven som har gjennomført kurset.

Assisterande generalsekretær i Norges idrettsforbund Else-Marthe Sørlie Lybekk takkar for rapporten og initiativet frå Redd Barna. Ho understrekar at NIF vil jobbe vidare med Trygg på trening basert på resultat frå følgeforskinga. 

– Idretten skal vere ein trygg stad å høyre til. NIF vil ta kapteinsansvar, sette retninga og gå framfor, seier Lybekk.

Gjensidige-stiftinga har finansiert store delar av følgeforsking-prosjektet.

Referanse:

Hanne Sogn mfl.: Trygg på trening med Redd Barna. Sluttrapport fra et følgeforskningsprosjekt. Rapport fra Norges idrettshøgskole, 2024. 

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article