Det har vore ein sommar med svingande temperaturar. Folldal i Østerdalen brukar å vere blant vinnarane på kuldefronten.
I natt var det 0,6 grader både i Folldal og på målestasjonen ved Gaustatoppen i Telemark.
Dette blir meir og meir vanleg utover i august, seier statsmeteorolog Hanne Beate Skattør.
- For ikkje mange dagane sidan var det også tropenatt fleire plassar i landet:
Kuldekulpar
Målestasjonen i Folldal er ikkje veldig gamal, men begynte å registrere temperaturane i 2010.
Sidan den gong har det vore registrert minusgrader i august fleire gonger. I 2020 var det faktisk 5,4 minusgrader denne månaden, ifølge Norsk klimaservicesenter.
– Det er ein kuldekulp. Den kalde lufta vil falle litt ned i dalar og det blir kuldekulpar der det samlar seg, seier Skattør.
- I juli var det også mykje regn. På Austlandet vart årets julimånad den femte våtaste nokosinne registrert.
Det er heller ikkje første gongen denne sommaren at gradene har sokke mot dei blå gradene.
– Natt til torsdag 1. august var det minus 1,5. Det er ikkje heilt uvanleg altså, seier meteorologen.
Gaustatoppen har også hatt minusgrader fleire gonger i løpet av denne sommaren. Det var nede i 5,3 minusgrader tidleg i juni i år.
- Kvar dag er millionar innom vêrtenesta, Yr:
Publisert 19.08.2024, kl. 08.28