– Dei er nokre forferdelege dyr, dei drit over alt!
Ei gruppe studentar på plenen ved Universitetet i Agder (UiA) er tydelege i sin tale om dei kvite fuglane som flaksar over dei.
– Dei skrik heilt sjukt mykje også!
Og det siste har dei i det minste heilt rett i.
For det lager ein del lyd når måkene no tek over dei fleire tusen kvadratmeterane med flate tak der oppe, høgt over menneska på UiA.
Området er ein ynda stad for dei kvite fuglane, kor dei kan finne sin make, bygge reir og sjå fugleungane sine vekse opp.
Og noko har vi til felles med måkene: Har dei fyrst funnet ein stad dei liker seg på – ja då kjem dei tilbake år etter år.
Frå sjø til by
April er månaden då hekkinga startar.
Og det er spesielt fiskemåka som trekk inn i byane. Det er delvis vår eiga skuld.
– Det er større hekke-suksess for dei i byane enn i havgapet, seier Tor Egil Høgsås i BirdLife.
I tillegg til minken som forsyn seg av egga, er det spesielt ein art som har skapt trøbbel for måka.
– Mange hekkeplassar ved sjøen har blitt øydelagt av oss menneske på grunn av at vi har invadert dei med eit eller anna bryggeprosjekt eller hyttebygging.
Høgsås får solid støtte av zoolog og fugleentusiast Roar Solheim.
– Vi menneske et oss inn i naturen og tek natur som andre arter bruker, da må vi faktisk lære oss å akseptere dei og prøve å finne måtar og godta at dei er her, på.
– Behov for vern
For måkene skal takast vare på. Dei er nemleg sterkt utryddingstrua.
Zoolog Solheim syns difor det er synd at så mange har så mykje imot måkene.
– Dei har verkeleg behov for omsorg og vern. Særleg fiskemåka, som folk feilaktig trur det er så mange av. I løpet av 30 år så har denne bestanden blitt redusert med 95 prosent langs kysten av Agder, seier han.
Måker er difor totalfreda i Noreg. Det er forbode å skyte eller fange måker. Det er også forbode å skade eller øydelegge reir og egg.
Si di meining om måker lenger ned i saka!
Eit måkevennleg universitet
På UiA har dei no akseptert at dei flaksande gjestene nærast tar over uteområda, samstundes med at eksamen nærmar seg.
Men direktør Kjetil Hellang må innrømme at dei i starten prøvde å få fuglane til å slå seg ned andre plassar enn på taka.
– Vi har gjort nokre vennlege forsøk på å få dei vekk med skremmande lydar eller drage som flyr på taka.
Men vi er trass alt i 2024: Alle skal med! Også måkene.
– Vi må inkludere måkene. Dei er ein del av vårt biologiske mangfald her på campus, og vi ynskjer dei velkomen, seier han.
Nyttig funksjon
Og dersom du som eg, lurer på kva måkene bidreg med tilbake, for alle hustaka dei okkuperer:
– Dei reinsar opp og et det vi ser på som søppel, og det skal vi vere glade for, seier zoologen.
Og uansett om du liker måker eller ikkje: Dei er raudlista og skal takast vare på.
– Hæ? Det visste eg faktisk ikkje, eg trudde det var så mange av dei, seier måkeskeptiske studentar.
– Oi! Dersom dei er utryddingstrua, så ser eg kanskje litt snillare på dei.
Publisert 26.04.2024, kl. 06.00