Sidan 2004 har den ombygde ferja MF «Sagvåg» vore heimen til Tone Bergsvåg og borna.
Fram til 2019 låg ferja i Damsgårdssundet i Bergen.
Då måtte dei kasta loss og nærmast flykta til Stord. Den gongen var Dina 10 år.
– Er det nokon som noko sinne er kasta ut av ein kommune, spør husbåteigar Tone Bergsvåg.
Plan- og bygningsetaten i Bergen kommune meinte nemleg at ferja ikkje var ein båt, men eit tiltak etter plan- og bygningslova.
Det betyr at båten måtte ha oppfylt heilt andre krav enn det som mogleg å få til for ferja.
Dermed kom det varsel om både bøter og tvangsmulkt, om ikkje vilkåra etter lova vart oppfylte.
– Bøtene ville ha gjort meg personleg konkurs. Og difor flytta eg, seier Bergsvåg.
Måtte flytta ut
Ho får bu i båten på Stord ut 2024. Men det er på dispensasjon frå plan- og bygningslova.
Båten må også flyttast rundt i hamneområdet etter kvar det er ledig kaiplass.
– Ein kan gje dispensasjon i inntil to år av gongen ved våre kaier. Deretter må ein ut av kommunen, før ein eventuelt kan komma tilbake og søkja på nytt, seier kommunedirektør Tommy Johansen i Stord kommune.
Å liggja permanent ein stad er ikkje aktuelt før ein har eit kommunalt område som er regulert til formålet, eller det finst aktuelle private kaier, opplyser Johansen.
– Det er heilt klart ei belastning å leva med dette. Og spesielt for dottera mi, Dina. Eg håpar i det minste at ho får gå ferdig ungdomsskulen på Stord, seier Bergsvåg.
For to år sidan måtte ho flytta båten til nabokommunen Sveio for å oppfylla krava i lova.
Samstundes måtte ho flytta inn i ei leilegheit på Stord for å få kvardagen til å gå opp. Kommunen sa nei til permanent plassering, skreiv Stord24.
No er Bergsvåg og dottera tilbake i båten igjen.
– Det var fantastisk å komma tilbake, seier ho.
Har gitt opp
NRK har snakka med fleire som har eigd tilsvarande båtar som Tone Bergsvåg. Dei fleste har rett og slett gitt opp.
– Eg har tapt mange millionar, og vil ikkje snakka meir om det, seier ein som tidlegare budde i ein husbåt.
Båten eig han framleis, men han er ikkje i bruk som bustad.
No ligg han på «hemmeleg» stad i ein kommune på Vestlandet.
– Eg er rett og slett ferdig med båten, fortel han.
På Sjøsenteret Killingen i Oslo har «Levebåten Marie» lege i mange år.
Husbåten var mellom anna brukt i TV-serien «Typen til».
Då tok Leo Ajkic med seg Anne Rimmen om bord.
Ekteparet som hadde båten, har selt til Kenneth Valstrand, som skal bruka han til fritidsbustad.
– Oslo kommune meiner dette er eit hus. Eg er usamd i det. Eit design skal ikkje definera om det er eit hus eller båt, seier han.
Førebels er han usikker på kor lenge han får ha båten liggjande i kommunen.
Går til sak
18. juni skal Frp-politikar Henning Holstad og fleire andre husbåteigarar møta kommunal og distriktsdepartementet i Oslo tingrett.
Han har budd i husbåten «Stokkvågen» i 25 år, men no er det snart slutt på opphaldet i Oslo kommune.
Striden går på det same. Er det lov å bu i båt og korleis skal han sjå ut?
Politikaren meiner stat og kommune diskriminerer enkelte typar båtar.
– Det er greitt å bu i ein kvit serieprodusert plastbåt, men ikkje ein båt som ser annleis ut. I 2024 trudde eg me var ferdige med slike diskusjonar i Noreg, seier Holdstad.
Regjeringsadvokaten har avvist søksmålet frå Holstad.
I sluttinnlegget til rettssaka skriv dei mellom anna at husbåtar vert omfatta av plan- og bygningslova (byggesaksbestemmelsene).
Treng betre regelverk
Tom Georg Indrevik (H), ordførar i kystkommunen Øygarden i Vestland, meiner det faktisk er uklart kva regelverk husbåtar skal behandlast under.
– Kommunane må ha klare retningslinjer på korleis dei skal handtera regelverket slik at det vert likt i heile Noreg, seier Indrevik.
Han etterlyser ein god rettleiar, på same måte som mellom anna mikrohus.
– Nye buformer er viktig, anten det er tretopphytter eller minihus. No er det ein trend at me testar nye måtar å bu på enn dei me har brukt historisk sett, seier Indrevik.
Men Kommunal og distriktsdepartementet er klokkeklare på korleis regelverket skal tolkast.
«Ein båt som vert brukt som bustad har karakter av å vera eit permanent tiltak, og er dermed omfatta av Plan- og bygningslova.»
Det skreiv dåverande kommunal og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) i eit skriftleg svar til Stortinget i 2021.
Kommunal- og distriktsdepartementet seier dette er dekkjande også i dag.
Nyt livet
På Stord har Tone sett seg ned på framdekket med ein kopp kaffi.
Måkeskrik, lyden av vatn som slår lett mot stålskrog, og ein og annan snøggbåt som kjem og går, er det einaste som forstyrrar idyllen.
– Å komma tilbake hit etter eit år i leilegheit var heilt fantastisk. Det er her eg har rett puls. Eg håpar jo at det skal ordna seg. Det må jo vera lov å bu i båt i Noreg, seier Tone Bergsvåg.
Hei!
Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.
Publisert 25.05.2024, kl. 21.45