Insulinpumpa er med Liva overalt. Men av og til får ho lov å ta ho av.
– Eg tar ho av når eg speler fotball. Eg trykker på «Tilførsel stoppet» og tar han av. Det fungerer ganske bra, seier 11 år gamle Liva Grindheim Opdal frå Haugesund.
Pumpa har eit tynt røyr som går inn i låret. I tillegg har ho ein glukosesensor på same stad som måler blodsukkeret.
Dei to einingane snakkar saman og regulerer kor mykje insulin Liva treng.
– Pumpa har hjelpt meg ganske mykje, seier 11-åringen.
- Visste du at fleire barn har fått type 1 diabetes etter koronapandemien? Ei rekke norske sjukehus har langt fleire diabetestilfelle nå enn før.
I tillegg tel ho og familien karbohydrat.
Før Liva drar på skolen om morgonen, har mamma Ingeborg Grindheim Opdal lagt ein lapp i matboksen. Der står kor mange karbohydrat det er i nista.
Ti minutt før Liva skal ete, tastar ho inn kor mange karbohydrat maten har, og pumpa reknar da ut kor mykje insulin ho treng.
I sum gjer dette at Liva og familien har ein heilt annan kvardag nå enn da Liva fekk påvist type 1 diabetes da ho var halvtanna år.
– Teknologien gjer at vi nå kan sove om nettene. Det har vore mange vakenetter, men det har skjedd mykje på desse ti åra. Frå å ha diabetes i frontallappen heile tida, til å nå kunne ta pausar. Det har vore heilt fantastisk, seier Ingeborg Grindheim Opdal.
Kvart år får cirka 400 barn type 1 diabetes i Noreg. Totalt har rundt 3000 norske barn diabetes.
Lurar du på kva diabetes er? Sjekk denne videoen.
Enorm framgang
Overlege Heiko Bratke ved Haugesund sjukehus har følgt Liva og familien i alle desse ti åra. Samtidig har han skrive på ei doktorgrad.
I løpet av forskinga har han gjort funn som viser at blodsukkeret hos norske barn og ungdommar med type 1 diabetes har gått markant ned dei siste ti åra.
– Det er veldig bra. Det er det vi ønsker. Eit lågare langtidsblodsukker ser ut til å redusere faren for seinkomplikasjonar når dei blir vaksne, seier Bratke.
Forskinga har resultert i at Bratke i slutten av april fekk ein vitskapleg artikkel om temaet publisert i tidsskriftet Diabetes Care.
Funna til Bratke viser at nedgangen i blodsukkernivået kjem av teknologiske framsteg som insulinpumpe og glykosesensor, teljing av karbohydrat og ein ny metodikk på barneavdelingane på norske sjukehus.
- I denne kommunen bytta dei dessert mot frukt og smoothie for dei eldre. Her kan du lese meir om kvifor, og kva slags reaksjonar det fekk.
I Noreg er 98 prosent av alle barn med type 1 diabetes med i Barnediabetesregisteret. Barna leverer årleg inn eit mangfald av data, og på denne måten kan ein sjå kva som verkar av behandling og kor godt det verkar.
I 2022 nådde 40 prosent av barna det internasjonale målet for langtidsblodsukker. For ti år sidan var dette talet 10 prosent. Dei nasjonale tala for 2023 er ikkje klare, men trenden ser ut til å fortsette.
– Barna har ein mykje betre kvardag nå i dag enn dei hadde før. Blant anna får dei mykje betre opplæring i å handtere sjukdommen sin, seier Bratke.
Det kan Liva, og ikkje minst, mamma Ingeborg, skrive under på.
– For oss var hjelpemidla vi fekk, gull verd. Dei bidrog til at ho kunne få lov til å vere barn og leike i fred, mens vi vaksne kunne ta oss av sjølve behandlinga, seier mamma Ingeborg.
Langtidsverknaden
Noreg er heilt i verdstoppen når det gjeld kor mange som får type 1 diabetes. Kvifor dei nordiske landa er har flest diabetestilfelle i forhold til folketal, er det ingen som har funne ut av.
Samtidig viser statistikken frå Barnediabetesregisteret at jenter jamt over har litt høgare gjennomsnittsblodsukker enn gutane. Også det manglar ekspertane svar på.
– Det må vi jobbe med framover, og prøve å få det like bra til for begge kjønn, seier overlege Heiko Bratke.
Men framgangen i blodsukkernivået gjer at Bratke trur at barna som veks opp nå får det betre når dei blir eldre enn dagens 50-åringar med diabetes.
– Barna vil også ha eit heilt anna liv når dei er vaksne. Dei som fekk diabetes for 50 år sidan, hadde stor sjanse til å få hjarte- og karsjukdommar, nyresjukdommar og augeproblem. Eg trur vi i framtida vil sjå i mykje mindre grad av seinkomplikasjonar, og det er veldig bra.
Ingeborg Grindheim Opdal håpar at teknologien vil gjere nye framsteg.
– Vi jo har draumar og håp om at det skal skje meir på den fronten.
- Forsking viser at barn kan ha mindre risiko for å utvikle diabetes viss mor gjer enkelte ting under svangerskapet. Det skal dei nå undersøke nærare på NTNU.
Publisert 06.05.2024, kl. 10.31