Miljødirektoratet varsla i juni at dei «med tungt hjarte» var nøydde til å stenge laksefisket i 33 elvar på grunn av ein historisk «kollaps» i laksebestanden.
Miljødirektøren har sidan varsla ei ny vurdering 5. juli.
Det har skapt håp blant dei som meiner at vedtaket var forhasta og altfor vidfemnande, mens andre har innstilt seg på at lakseelvane blir stengde i all overskodeleg framtid.
I eit intervju med avisa Nationen seier Grong-ordførar Ann Jeanett Klinkenberg (Ap) at «det kan gå fleire år» før fiskarane kan ta stengene fram.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen er like pessimistisk:
– Dette teiknar til å bli eit svært dårleg år. Og bakgrunnen for det vil det ta tid å få bukt med, seier han.
Stortingsrepresentant for SV, Lars Haltbrekken seier sommarstengde elvar kan vere den nye regelen.
– Det er urettferdig, men vi må førebu oss på at dette vil skje fleire somrar.
– Ein skjebnetime for villaksen
Det avbrotne sommarfisket har skapt fortviling blant laksefiskarar over heile landet, og jakt på «syndebukkar».
Ein ny rapport frå Vitskapeleg råd for lakseforvaltning (VRL) seier at påverking frå lakseoppdrett og klimaendringar er dei største truslane mot villaksen.
– Hovudutfordringa frå oppdrett er lakselus, seier dagleg leiar i Nasjonalt villakssenter, Alf Olsen jr.
Han seier løysinga er nedsenka merdar eller lukka anlegg.
– Men det er ikkje gjort over natta, og krev store investeringar.
Generalsekretær i Norske lakseelver, Torfinn Evensen, seier at «vi er inne i ein skjebnetime for villaksen».
– Det hastar å gjennomføre dei tiltaka som vi veit vil lette situasjonen. Oppdrett må inn i lukka merdar så fort som mogleg.
– Noreg må gjere som Canada
I eit lesarinnlegg i Nationen skriv Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen at Noreg må følge etter Canada og «tvinge» oppdrettsnæringa til å gå over til lukka merdar.
– Det tragikomiske er at løysinga eigentleg er ganske openlyst. Få fisken inn i lukka merdar, skriv ho.
Med tilvising til den trua villaksbestanden vedtok Canada i juni at all lakseoppdrett i British Columbia må inn i lukka former innan 2029.
– Dette er eit skifte som vil gjere Canada til ein verdsleiar innan berekraftig akvakulturproduksjon, uttalte det canadiske fiskeridepartementet.
Vedtaket blei møtt med entusiasme frå norske miljøorganisasjonar, og fall på børsen for dei norske oppdrettsselskapa Grieg Seafood og Mowi. Sistnemnde er den største lakseoppdrettaren i verda.
– Vi vil ha slutt på dagens «opne fjøs» i oppdrettsbransjen, seier MDG-leiar Arild Hermstad.
NRK har kontakta Sjømat Noreg som representerer norske oppdrettsselskap, men har så langt ikkje fått svar.
«Løftebrot» skaper nytt bråk om lakseskatten
Eit nølande Venstre og Pasientfokus blei i fjor med på regjeringa sitt initiativ til ein ny «lakseskatt» i byte mot ein garanti om at staten fekk fart på omstillingsarbeidet i havbruksbransjen.
Heilt konkret i form av at regjeringa skisserte ei miljøteknologiordning for å oppmuntre oppdrettsselskapa til å investere i meir miljøvennlege produksjonsformer «i løpet av 2023».
Meir enn eitt år seinare seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) at skissa heller ikkje kjem i 2024, men først neste år når ho legg fram «ei meir heilskapleg havbruksmelding».
Til Dagens Næringsliv forklarer statsråden at alternativet er «eit lappeteppe» av ulike ordningar som ikkje snakkar saman.
Om forslaget kjem i 2025, kan ordninga først bli ein realitet i 2027.
Fire år etter skatteforliket.
– Laksen døyr, medan regjeringa ror, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.
NTB
Alfred Bjørlo, Venstre
- Situasjonen for den norske villaksen er dramatisk. Eg trur det er ein svært stor sjanse for ytterlegare nedstenging av norske elvar. No må arbeidet med reell omstilling av havbruksnæringa til meir lukka anlegg skyte fart – samtidig som vi gjer alt vi kan for å kutte klimautslepp, sidan klimaendringane på lang sikt er det aller største trugsmålet mot både villaksen og anna sårbar norsk natur.
Oddmund Reisæter Haugen
Arild Hermstad, MDG
- Det er heilt krise for villaksen og fullstendig uhøyrt at denne arten som har vore livsviktig sidan det kom folk hit etter istida, nå er hamna på raudlista. MDG har programfesta at vi vil ha slutt på dagens «opne fjøs» i oppdrettsbransjen, for å sikre null rømming, null utslepp og null lus. Noreg må følge Canadas eksempel og krevje at bransjen blir svært omstilt raskt.
Privat
Torfinn Evensen, Generalsekretær i Norske lakseelver
- Vi føler med alle partar, og også med alle dei som jobbar i villaksnæringa, som guidar, kokkar, hjelparar og anna. Dette vil få store, negative konsekvensar for økonomien rundt lakseelvane.
Arne Frank Solheim
Alv Arne Lyse, prosjektleiar for villaks i NJFF
- Situasjonen er direkte katastrofal i regionane med omfattande lakseoppdrett. Vi krev snarleg politisk handling for å få redusert lakselussmitten og mengda rømt laks i elvane. Tiltak retta berre mot fiske etter laks i elv og sjø er aleine ikkje tilstrekkelege for å berge den fantastiske villaksen vår for kommande generasjonar!
Bård Siem
Alf Olsen jr., dagleg leiar hos Nasjonalt villakssenter
- Ein samla heilskapleg innsats i elv, sjø og hav som må til for å ta vare på villaksen for kommande generasjonar. Det krev ein samla langsiktig politikk og innsats frå oss alle. Skal me ha laks i elvane våre i framtida, må omsynet til laksen gå føre ei rekke andre omsyn.
William Jobling / NRK
Lars Haltbrekken, SV
- Det er urettferdig at laksefiskarane får svi, når det er oppdrettsnæringa og klimaendringane som må ta skulda. Oppdrettsnæringa må stillast til ansvar, og det må komme ei kompensasjonsordning for dei som blir skadelidande.
Bård Siem
Ove Trellevik, Høgre
- Årsaka til kollapsen er samansett. Det er fleire årsaker. Ikkje berre oppdrett og klimaendringar. Vi veit alt for lite om laksen på ferda si i havet. Eit paradoks at ho er borte frå område utan oppdrett òg. Eit endifig fokus på oppdrett tener dessverre ikkje villfisken. Vi må sikre ei breiare tilnærming.
David Beckham fekk unntak frå fiskeforbodet
Tysdag kom statsråd Eriksen til Dale og Vossoelva for å møte frustrerte laksefiskarar.
På programmet stod også ei omvising på klekkeriet der villaksen «får hjelp» til å lage etterkommarar.
Praksisen heiter stamfiske og har komme på dagsorden etter at fotballikonet David Beckham fekk unntak frå det generelle fiskeforbodet for å hente opp «stamfisk» frå Lærdalselva.
Statsforvaltaren i Rogaland, Bent Høie, har sidan konkludert med at kollegaen i Vestland, Liv Signe Navarsete var inhabil da ho sa ja til fisketuren.
Publisert 02.07.2024, kl. 15.20