– Alle snakkar engelsk. Eg må kunne kommuniserer med dei andre. Og for å klare engelske pressetreff, så må eg kunne snakke engelsk, seier Jæger til NRK.
21-åringen frå Aremark har inntatt verdseliten i sprint denne sesongen. Fjerdeplass på 200 meter under EM i Roma, blei følgt opp med åttandeplass i finalen på 400 meter under OL i Paris.
I Noreg er ho òg i ferd med å bli ein yndling på grunn av den naturlege veremåten sin, ikkje minst i intervju med norske medium.
Men når spørsmåla kjem på engelsk, erkjenner Jæger at ho slit med å få uttrykt seg heilt slik ho ønsker.
– Det går betre med løpinga, fastslår ho.
Iuel: – Har øvd mykje
Lagvenninnene gjer sitt for å hjelpe til. Ikkje minst Amalie Iuel, som har perfeksjonert engelsken sin via studiar i USA. Iuel og Jæger har delt rom i OL-leiren, og Jæger har fått øvd seg på engelsk.
– Den begynner å komme seg, altså, seier Iuel til NRK.
Og fortset:
– Vi har øvd mykje, og ho har fått i oppgåve å sjå mykje på engelske seriar nå i sommar, så ho kan vere ekstra førebudd på dei intervjua. Ho er ikkje så glad i det, og det skjønar eg. Det er ikkje lett å ordlegge seg på engelsk om du ikkje er vand til det.
Iuel fortel at kvinnene på det norske stafettlaget, som utan Jæger rauk ut i semifinalen i OL, har hatt det gøy med gamle intervju Jæger har gjort på engelsk.
– Det går sakte, men sikkert betre. Amalie er ein flink hjelpar der og ein god lærar, seier Jæger.
Heimelekse: Frustrerte fruer
Det bekreftar òg Lakeri Ertzgaard.
– Vi ertar henne litt mykje, men ho er flink – ho er det, seier Ertzgaard, og avslører at Jæger sjølv tar initiativ til å praktisere engelsken.
– Ho er jo på ein måte sånn som frivillig begynner å snakke engelsk. «Hello, guys! What are we going to eat today?» Det synest vi er herleg, seier Ertzgaard, og avslører at det er «Frustrerte fruer», eller «Desperate Housewives», som har vore Jægers heimelekse.
Samtidig er lagvenninnene tydelege på at det trass alt er viktigare å springe fort enn å briljere på engelsk i intervjua etterpå.
– Eg synest vi skal fokusere på kor strålande ho er til å springe og det ho får til på friidrettsbana. Vi er kvart fall dritstolte av henne, seier Amalie Iuel.
– Heilt tullete
Om engelsken må bli betre, er det ei anna forbetring som er viktigare for både Iuel og Jæger.
Dei har lita forståing for at semifinalen på 4x400 meter stafett går same dag som finalen på 400 meter individuelt.
– Det er heilt tullete, eg ville springe stafetten. Det må endrast, fastslår Jæger.
Tårevått møte med onkelen 00:57
Publisert 13.08.2024, kl. 10.30