Kvipps og vipps på nynorsk: - Ein festdag!

4 months ago 37


NYNORSK-FAN: Peder Lofnes Hauge er leiar i Noregs Mållag - som har bidrege med nynorsksatsinga til Vipps. Foto: Noregs Mållag

Vips, så kan du vippse - og mellombels kvippse - på nynorsk.

  • Bilde av Frank Ertesvåg
søndag 12. mai kl. 13:22

Kortversjonen

  • Betalingsappen Vipps lanserar nynorsk versjon.
  • Leiinga i Mållaget feirar at Vipps tek nynorsk under vengjene.
  • Lansering på nynorskdagen, 139 år etter at nynorsk vart jamstelt med bokmål som norsk skriftspråk.
  • Språkdirektøren skryt av Vipps for språkleg ansvar og vonar fleire verksemder følgjer etter.

Morosame sjeler har fleipa om at no kjem snart kvipps på nynorsk. Men dei hadde berre delvis rett.

Betalingsmetoden skal heite Vipps også på nynorsk, sjølv om ein prøveversjon med Kvipps blir lagt ut i samband med lanseringa i dag.

– Dette er ein ekte festdag! At ein no kan bruke Vipps på nynorsk, betyr meir nynorsk til veldig, veldig mange, jublar leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag.

Han meiner betalings-konsernet no tek nynorsk under vengjene og gjer sitt for jamstellinga mellom dei to skriftspråka.

– Storveges

Det heile hender på det som Mållaget har utnemnd til nynorskdagen - 139 år etter at Stortinget gjekk inn for at bokmål og nynorsk skulle ha lik status som offisielle skriftspråk.

– No håpar vi alle går inn på Vipps og vel nynorsk som språk, seier ein særs optimistisk Hauge.

NYNORSK-FAN: Lars Tore Skau er utviklar i betalings-verksemda. Foto: Vipps

Ein av pådrivarane for å nytte nynorsk djupt inne i betalingstenesta, er Lars Tore Skau i Vipps.

Han fortel at ein av ti vippsarar har nynorsk som hovudmål.

– Så det skulle berre mangle at vi no gjer det mogeleg å bruke Vipps på nynorsk. Mange har ynskt seg dette ei god stund. Difor er det storveges å endeleg kunne gje dei det, seier tekno-hovud og nynorsk-tilhengjar Skau.

NYNORSK-FAN: Åse Wetås er direktør i Språkrådet. Foto: Mariam Butt / NTB

Språkdirektør Åse Wetås likar også nynorsksatsinga.

– Det er utruleg positivt at Vipps går føre som eit godt førebilete og let brukarane av appen få høve til å bruke begge dei norske skriftspråka. Det handlar om å vise språkleg ansvar og respekt for kundane sine, uttalar Wetås i Språkrådet.

MELDING TIL BRUKARANE: Denne meldinga gjekk ut til brukarane av betalingstenesta søndag.

Ho håpar fleire verksemder innan næringslivet følgjer i Vipps sine fotspor.

Mellombels kvippsing

Selskapet har også lagt til rette for at alle som vel nynorsk kan «kvippse» i nokre dagar framover.

Hva tenker du?På tide at verksemder, nettstader og app-ar kjem med eigne nynorsk-versjonar - slik Vipps no gjer?aJa, det bør skjer snarast mogeleg - slik at folk kan velge sitt hovudmål.bNei, det ser eg ikkje noko behov for.cEg kjenner at eg ikkje har noko meining om det.

– Vi likar å leike med språk, og internt hjå oss har mange lenge drøymt om å «kvippse». Difor klarte vi ikkje å dy oss, det måtte berre bli «kvippse». Skulle nokon meine at det blir litt for tullete, kan vi forsikre om at «kvippse» blir til «vippse» allereie i neste versjon, som kjem etter berre nokre dagar, seier Skau i Vipps.

I heile tenesta er det over 4500 tekstar. I arbeidet med omsetjinga har verksemda fått hjelp av Noregs Mållag.

Slik får du Vipps på nynorsk

Slik endrar du til nynorsk i Vipps på iPhone:
·Oppdater appen
·Opne Vipps og trykk på Profil, så Innstillingar
·Trykk på Varsel- og språkinnstillingar
·Trykk på Språk nederst og byt til nynorsk

Read Entire Article