Kva slags konkrete helseeffektar får vi av å trene?

5 days ago 6


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Kondisjonstrening er det som gir aller best effekt for å førebyggje dei aller fleste livsstilssjukdomane. Å gå turar i motbakke kan for mange vere bra nok. (Foto: Colourbox)

Forskarane forklarar korleis fysisk aktivitet kan fungere som medisin for ulike helseplager. 

Ikkje-smittsame sjukdomar står for heile 87 prosent av sjukdomsbyrda i Noreg. Vi høyrer ofte at fysisk aktivitet er positivt for å unngå desse sjukdomane.

Sigmund Alfred Anderssen har forska på fysisk aktivitet og helse sidan 90-talet, og står mellom anna bak dei store befolkningsundersøkingane (KAN-undersøkingane) NIH gjer saman med FHI. (Foto: NIH)

Men kva meiner forskarane eigentleg med det?

– Det er mange ting, men heilt overordna så er vi jo vi menneske skapt for bevegelse. Når du er i bevegelse, stimulerer du alle dei sentrale organa på ein positiv måte. Hjarte, lunger, beinvev, fordøyelse og ikkje minst hjernen vår, seier Jostein Steene-Johannessen.

Podcast: Helseeffektar av trening

Denne episoden av NIH-podden handlar om trening, fysisk aktivitet og folkehelse. Programleiarar er Christina Gjestvang og Gjermund Erikstein-Midtbø. Redigerar Eskil Byrkjeland. 

Høyr heile episoden her.

– Ein formidabel effekt

Han og Sigmund A. Anderssen tek for seg dei ulike livsstilssjukdommane og kva fysisk aktivitet kan ha å seie både for å førebyggje og behandle.

Effekten trening har på hjarte- og karsjukdomar er kanskje det som er studert mest og starta alt på 1950-talet, fortel forskarane.

– Vi har ganske god evidens på at folk som er fysisk aktive, har ein mykje mindre risiko for å utvikle hjarte- og karsjukdom enn dei som er lite aktive, seier Anderssen.

Han ramsar opp risikofaktorar som arv, miljø og kjønn som er faktorar vi ikkje kan gjere noko med. Derimot kan trening verke positivt på desse risikofaktorane: høgt kolesterol, blodtrykk, karbohydratstoffskifte og fedme

Det finst sjølvsagt gode blodtrykksenkande medisinar som kan regulere blodtrykket, men også fysisk aktivitet kan ha god effekten.

– Personar som trenar regelmessig og samtidig har høgt blodtrykk, kan forvente ein reduksjon på såpass mykje som 12 millimeter (Hg) i det vi kallar systolisk blodtrykk, det høgaste blodtrykket. Det er ein ganske formidabel effekt, seier Anderssen.

Treninga må vere regelmessig

Det er viktig at treninga blir gjort regelmessig, fleire gonger i veka, for å få ein effekt.

– Trening kan redusere risikoen for å få høgt blodtrykk. Men dersom du har høgt blodtrykk, kan trening saman med medikament gje god effekt.

Kondisjonstrening er den aktiviteten som gir aller best effekt for denne gruppa.

– Styrketrening kan også ha effekt, men i mindre grad. Kondisjonstrening eller gåturar for den saks skuld er sannsynlegvis det aller beste, seier Anderssen.

Podkast-episoden er eit av NIHs bidrag under årets Forskingsdagar som i år har tema helse. (Foto: Forskningsrådet)

Helsdirektoratet har rekna ut at samfunnet vil spart 239 milliardar kroner kvart år om nordmenn hadde fylgd anbefalingane for fysisk aktivitet i veka (helsedirektoratet.no). 

Anbefalingane er 150 til 300 minutt med moderat intensitet, 75 til 150 minutt med høg intensitet eller en kombinasjon av desse.

Positivt også for diabetes

Diabetes type 2 er ein av dei store folkesjukdomane og utgjer cirka 90 prosent av all diabetes i Noreg. 

Sjukdomen gjer at ein har insulinresistens. Men fysisk aktivitet gjer at musklane blir betre til å ta opp glukose, så kroppen treng mindre insulin. 

– Dei personane som utvikler type 2-diabetes, har ei dårleg regulering av blodsukker. Når ein held på med fysisk aktivitet, forbruker ein energi, og på den måten får ein automatisk ein litt betre balanse i blodsukkeret sitt, seier Jostein Steene-Johannessen og legg til:

– Også er det jo slik at trening over tid kan betre kroppens evne til å føre glukose over frå blodbanen til muskulaturen, slik at ein får ein betre insulinssensitivitet og dermed bedre regulering av blodsukkeret.

Kan gje beskyttande effekt for nokre kreftformar

– Kva med kreft? Kva veit om kva slags effekt fysisk aktivitet eventuelt har for førebygging?

– Det vi veit frå store befolkningsundersøkingar som har fylgd individ over tid og målt eksponering eller målt fysisk aktivitetsnivå, så viser det jo at til meir fysisk aktiv du er, jo meir beskyttande effekt har du for utvikling av enkelte typar kreftformar, seier Steene-Johannessen.

Han nemner kreftformene tjukktarmkreft, brystkreft og livmorhalskreft som dei formene forskarane veit mest om.

Dei legg også vekt på at fysisk aktivitet kan ha mykje å seie for fysisk form, funksjon og livskvaliteten for pasientar både under og etter kreftbehandling.

Positivt for mental helse

Forsking viser også at fysisk aktivitet kan ha mykje å seie både for å førebyggje og behandle mentale lidingar.

Jostein Steene-Johannessen er professor på NIH. Han står bak dei store befolkningsundersøkingane (KAN) som Norges idrettshøgskole gjer saman med Folkehelseinstituttet. (Foto: NIH)

– Trening kan ha den same effekten som bruk av medikament eller samtaleterapi, på milde til moderate depresjonar. Det viste forsking gjort av psykiater Egil Martinsen tilbake på 1980-talet, og mange har seinare klart å vise det same, fortel Anderssen.

Aldri for seint å starte

Det er heller aldri for seint å få effekt av treninga, sjølv om du ikkje har vore aktiv tidlegare eller har hatt ei lang pause frå aktivitet.

– Viss du ikkje har vore så flink gjennom livet til å drive med aktiviteten, vil jo treningseffekten du får ved å starte vere heilt formidabel, eigentleg heilt uavhengig av kor gamal du er, seier Steene-Johannessen.

Å kunne gå inn i alderdomen med ein sunn kropp vil kunne bidra til at mange kan vere sjølvhjelpen i fleire år.

– Det å gå inn i alderdomen med best mogleg utgangspunkt er veldig viktig. Muskelsvinn og dårlegare beinmasse kjem før eller seinare, men jo betre utgangspunkt vi har før det trer inn, vil vi også kanskje klare oss betre inn i alderdomen, seier Steene-Johannessen.

Du har fått høyre om mange gode helseeffektar, men dørterskelen for å kome seg ut for å trene, kan likevel kjennast høg for mange. Professorane har eit klart tips.

– Det vanskelegaste er å vere fysisk aktiv regelmessig. Da er det viktigaste å finne noko du likar. Viss du likar å gå turar, så gjer det. Viss du likar styrketrening, så gjer det. Det viktigaste er å finne den treningsforma som du trur sjølv du klarar å oppretthalde over tid, seier Anderssen.

Høyr NIH-podden for å høyre meir om helseeffektane:

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article