– Har du sett dei audmjukande klippa med IOCs president? Har du ikkje? Heile verda har gjort det, seier Mikhail Mamiasjvili i eit eksklusivt intervju med dei nordiske rikskringkastarane.
Mamiasjvili siktar til telefonsamtalen der IOC-president Thomas Bach blei lurt trill rundt i mars i år.
Bach trudde han snakka med leiaren for Afrikas svar på EU-kommisjonen, som er Den afrikanske union.
I realiteten blei han rundlurt av den russiske komikarduoen Vovan og Lexus, som har gjort karriere på å lure maktpersonar frå heile verda.
Bach blei også lurt til å be under samtalen.
– Ei skam
Denne episoden har fått begeret til å renne over for ein av Russlands mest markante idrettstoppar.
Under OL-kvalifiseringa i bryting i Istanbul seier Mamiasjvili ja til eit intervju med dei nordiske rikskringkastarane. Der er han som russisk brytepresident og visepresident for Det internasjonale bryteforbundet.
Mamiasjvili kjem rett frå innsetjinga av Russlands president i Kreml. Der var den gamle brytehelten Vladimir Putins gjest.
I ein sofa i VIP-området utanfor dei sveitte brytemattene i Istanbul deler den store Putin-tilhengaren ut fleire verbale slag mot OLs mektigaste mann.
Kraftkaren med kjempe-nevane meiner først og fremst at Bach behandlar Russland uverdig fordi IOC krev at:
- Utøvarar som støttar Russlands regjering ikkje får delta i OL
- Russarar skal konkurrere under nøytralt flagg i OL
- Russarar som har tilknyting til militæret ikkje får delta i OL
I tillegg kritiserer han det Bach sa om russisk overvaking i telefonflausen.
– Det er ei skam. Einkvar person med respekt for seg sjølv bør gå av etter ei slik skam, seier Mamiasjvili.
I samtalen sa Bach at IOC overvakar om russiske utøvarar uttrykker støtte til Russlands regjering, og at dei har spurt Ukraina om hjelp til å følge med på internett og i media.
I eit utsegn etter episoden kalla IOC lureriet for «nok ein russisk desinformasjons- og svertekampanje».
– Vi vil ikkje bidra til den russiske desinformasjons- og ærekrenkingskampanjen mot IOC og deira leiing, og vil difor ikkje kommentere sitata du gav, skriv ein pressetalsmann i IOC til NRK.
Trussel møtt med undring
I ei tid der Russland er sanksjonert ut av fleire idrettsgreiner, får dei lov til å fortsette internasjonalt i brytesporten.
Under OL-kvalifiseringa i Tyrkia går Russlands brytepresident Mamiasjvili rundt med stor autoritet, men han har samtidig eit stort problem.
To av Russlands største idrettsstjerner blir hindra i å kvalifisere seg til OL.
OL-vinnarane i bryting, Abdulrasjid Sadulajev og Musa Jevlojev, er utestengd frå internasjonale konkurransar for å ha støtta Russlands angrepskrig mot Ukraina.
Derfor sender brytepresidenten ein trussel i retning OLs mektigaste mann.
Dersom stjernene ikkje får bryte i OL vurderer Mamiasjvili å trekke heile sitt store landslag med 16 OL-kvalifiserte utøvarar. Det gjer han klart i dette intervjuet.
I ein usamanhengande tirade om sunn fornuft og idrettens oppdrag, samanfattar Mamiasjvili IOC-styret slik:
– Menneske utan ære, menneske utan respekt, seier den russiske idrettstoppen.
Leiar Berit Lindeman i Helsingforskomiteen reagerer med undring på Mamiasjvilis trussel.
– Det er ikkje noko tap at brytepresidenten boikottar leikane, tvert imot. Eg håpar avgjerda hans kan inspirere fleire russiske forbund til å ta same avgjerd. Russiske idrettsutøvarar uttrykker regelmessig støtte i Putins regime, og idretten er ein innarbeida del av propagandaapparatet, seier Lindeman.
Føler Russland blir straffa for nazi-jakt
Mamiasjvili meiner Russland blir straffa sportsleg for å halde fram det han meiner er landets kamp mot nazismen etter andre verdskrig.
– Russland og Sovjetunionens folk gjekk på kolossale tap i den store, patriotiske krigen, som førte til frigjering frå nazismen i Europa.
Han føler at russarane no ikkje får lov til å halda fram kampen.
– Eit levande eksempel på dette er at vi dessverre blir pålagt forbod mot å utøve sport, seier idrettstoppen.
– Ukrainarar er fascistar
Presidenten er sjølv sovjetisk OL-vinnar frå 1988 og har seinare leia det russiske forsvarets idrettsklubb i Russland, CSKA Moskva.
Klubben har markert si støtte til Russlands krigføring i Ukraina med å trykke «Z»-teiknet på spelarane sine drakter.
«Z» er symbolet som markerer støtte til den russiske invasjonen i Ukraina.
Etter intervjuet med dei nordiske rikskringkastarane held Mamiasjvili fram samtalen. Der kallar han ukrainarane for fascistar.
– Meiner du verkeleg at alle ukrainarar er fascistar? spør journalisten.
– Ikkje alle, men ukrainarar er fascistar, svarer Mamiasjvili.
Synet på ukrainarar overraskar ikkje Lindeman i Helsingforskomiteen.
– Mamiasjvili sin omtale av ukrainarar som fascistar er nettopp ein tydeleg demonstrasjon av denne propagandaen. Det er verdt å merke seg at medan fascismen er marginal i Ukraina, brer den om seg i sterk grad i Russland.
Publisert 23.05.2024, kl. 19.07